NRK Meny
Normal

Brækhus dagen derpå: – Det vart eit mareritt av ein kamp

BERGEN SENTRUM (NRK): Boksedronninga frå Bergen slår hardt tilbake mot taktikken som motstandarden Erica Farias køyrde under kampen på Koengen. Ho ser likevel ikkje bort frå ein omkamp.

Brækhus i Bergen

KLAR FOR MEIR: – Eg har ikkje sove eit sekund i natt, det har vore så mykje adrenalin, seier Brækhus laurdag formiddag.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Cecilia Brækhus tok ein klar siger etter ti knalltøffe rundar i bokseringen under «Battle of Bergen» på Koengen fredag kveld.

– Dette er høgdepunktet i karrieren, det største eg har vore med på, sa Brækhus då ho hadde fått tildelt sigeren.

Laurdag er det ei energisk Brækhus som møter NRK. Etter kampen har ho sett opptak av det som skjedde i bokseringen.

– Det utvikla seg etter kvart til eit mareritt av ein kamp, med ein motstandar som sprang inn med hovudet først og stoppa meg frå å sette i gang mine angrep. Det var ei tøff utfordring.

Brækhus meiner Farias skulle fått fleire åtvaringar frå dommaren.

– Ho merka fort at ho ikkje kunne utbokse meg, og då vart det stygt. Ho låste meg kvar gong, så det vart mindre boksing enn eg skulle ønskje, seier Brækhus.

Ber om omkamp

Etter kampen viste motstandaren Erika Farias fram ein skadd finger ho hadde skjult under boksehansken, og bad om revansj.

– Eg vil gjerne ha ein kamp der eg kan gi hundre prosent. Brækhus har nok ein liten tvil om kva som kunne skjedd dersom eg ikkje var skadd, sa Farias på ein pressekonferanse natt til laurdag.

Erica Farias med skadet finger

KLEMSTRA SEG: Argentinske Erica Farias meiner ein skade i fingeren gjorde at ho sleit under boksekampen mot Cecilia Brækhus fredag kveld. – Eg kunne ha mista heile fingeren

Foto: NRK

Brækhus vil ikkje sjå bort frå ein omkamp, men føler seg trygg på sigeren fredag kveld.

– Kampen vart vunnen ganske komfortabelt, og eg er ganske sikker på at eg hadde vunne uansett. Ein eventuell omkamp handlar om interesse frå publikum, så det må vi kjenne litt på.

Interesserte amerikanarar

Etter kampen vart det klart at Brækhus vil til USA, før ho legg boksehanskane på hylla. Der har ho berre boksa ein gong tidlegare, mot Nicole Woods tilbake i 2008.

– Det vert eit par kampar til før eg gir meg. Eg må i alle fall ha ein eller to kampar i Noreg, og like mange i USA. Etter det bør eg begynne å tenkje på å finne på noko anna.

Laurdag kunne Brækhus også avsløre at den amerikanske TV-kanalen Showtime er interessert i ein boksekamp med Brækhus i ringen.

Cecilia Brækhus mot Erica Farias i Bergen

TØFF KAMP: Det vart ti tøffe rundar i bokseringen for Cecilia Brækhus og Erica Farias. Til slutt viste dommarkorta 99-91, 99–91 og 98–92 i Brækhus sin favør.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

«Ve te Bergen»

Brækhus legg ikkje skjul på at ho var spent før kampen fredag kveld, både fordi ho skulle bokse på heimebane og fordi ho var med å arrangere stemnet.

– Det gjekk smertefritt, og det var fantastisk stemning. Å bokse i Bergen var heilt elektrisk.

Boksedronninga trur ikkje ho er langt frå å oppnå alt som er mogleg som proffboksar.

– Det tikkar litt mot slutten no, men eg føler eg må få oppleve nokre kampar til. Om eg avsluttar karrieren i Noreg eller USA står att å sjå.

– Kjem du tilbake til Bergen då?

– Sandviken er verdas vakraste stad, så det er ganske sannsynleg.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås