Hopp til innhold

Børven vil ikkje heim til eliteserien

Trass to år med lite speletid og skadar gjer ikkje Torgeir Børven opp profftilværet. – Eg gjer meg ikkje så lett, seier Twente-spissen.

Torgeir Børven

EITT AV FÅ: Børven skårar i Twente sin 2–0-siger over Heerenveen i februar 2014. Børven vil ha fleire Twente-mål før han flyttar på seg.

Foto: Digitalsport

2. februar er det to år sidan Børven debuterte for nederlandske FC Twente. Etter ein god start vart fjorårssesongen ein veksande nedtur for angrepsspelaren. Avgrensa speletid og få mål vart toppa med hofteoperasjon i april.

– Opphaldet har ikkje vorte heilt slik eg hadde håpa, vedgår Børven.

Bruskskadane i hofteleddet viste seg å vera så store at seks månader på sidelinja vart til ti.

– Eg har visst om skaden sidan tida i Odd, så det var på tide å gjera noko med det, seier Børven.

Svak utteljing i Nederland

Som 17-åring debuterte Børven for Odd i eliteserien i 2009.

Tre år, 61 kampar og 24 mål seinare vart han seld til Vålerenga. Der skåra han elleve mål før han gjekk til Twente.

LES OGSÅ: Børven og Berre ba opp til fest

LES OGSÅ: – Drømmen har blitt virkelighet

Børven har totalt skåra 35 mål på 100 kampar for Odd og Vålerenga.

Torgeir Børven

NETTKJENNING: Børven skåra ni mål i Eliteserien før han vart seld til Twente i desember 2013.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I desember i 2013 signerte han for Twente. Så langt har han skåra fem mål på 35 kampar for klubben frå Enschede aust i Nederland.

– Det starta bra, og eg følte at eg bidrog. Seinare vart det mindre speletid enn eg hadde håpa.

Snart er Børven tilbake i trening med laget, og revansjesugen på å visa at klubbvalet i 2013 var det rette.

– Skaden kan eg ikkje gjera så mykje med, men det er ikkje for seint å snu trenden, seier Børven om tida i klubben.

Les også: Sammenlignes med tysk VM-stjerne

Exit ved nedrykk

Over midtvegs i sesongen ligg Twente på nedrykk. Økonomisk rot, oppseiingar og spelarsal har prega klubben dei to siste sesongane.

– Spelarsala har drege ned kvaliteten på trening. Difor ligg me der me gjer. Våren blir tøff, men me har gode sjansar til å klara oss.

Skulle Twente rykkja ned frå Eredivisie er 24-åringen budd på å byta beite.

Men før det skulle skje er det uaktuelt å forlata klubben.

Torgeir Børven

TALENT: Børven kom til Skien som 15-åring. Etter å ha gått gradene i Odd, debuterte han i Eliteserien som 18-åring. I 2012 vart han seld til Vålerenga.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg har ikkje tenkt å gje meg så lett. Når eg fyrst har reist ut, har eg lyst å gje det eit skikkeleg forsøk før eg reiser heim att.

Børven har langt meir å bevisa i Nederland.

– Eg vil visa at eg er god nok. Viss eg ikkje får spela etter skaden, må eg byrja å vurdera moglegheitene mine.

Opnar for Brann

I desember skreiv Bergensavisen at Brann følgjer Børven tett. Kvemmingen understrekar overfor NRK at han stortreivst i Skien og Oslo, men at han vil vurdera Brann den dagen han returnerer til norsk fotball.

– Eg var ofte på Brann Stadion som liten, og føler framleis det hadde vore moro å spela i Bergen.