Therese (16) treng aldri meir ta insulinsprøyte

BERGEN/BÆRUM (NRK): Ei pille morgon og kveld er nok. Gjennombrot for diabetesmedisin gjer at born med nyføddiabetes truleg slepp 2500 sprøytestikk i året.

Greve

ENKELT: Therese Bruusgaard Greve (16) kan ta tablettar med eit glas vatn nokre gonger for dagen og sleppa sprøyter.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Det er ganske herleg å sleppa stikka, for eg er ikkje glad i sprøyter. Tablettane tek du, og så lever du normalt, seier Therese Bruusgaard Greve (16).

Ho var den første i landet som fekk tablettar for nyføddiabetes. Det var for 15 år sidan.

No har forskarane i Bergen konkludert med at ho truleg kan halda fram med å ta tablettar livet ut.

Det betyr også at barn med same diagnose kan kasta insulinpennen for godt. I snitt må eit barn som er fødd med diabetes setja 2500 sprøyter kvart år.

Mor til Therese, Camilla Brusgaard Greve, er særs glad for beskjeden.

– Det at ein kan erstatta sprøytene med tablettar, gjer livet veldig mykje enklare, både for borna og for foreldra. Dette er fantastisk, seier ho.

Bruusgaard Greve

FANTASTISK: – Livet blir enklare, seier Camilla Bruusgaard Greve, mor til Therese.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Eit gjennombrot

Det er professor Pål Njølstad og kollegaene ved Universitetet i Bergen som truleg har løyst gåta med nyføddiabetes.

Dei oppdaga at nokre born var fødde med ein mutasjon, ein genfeil i ein kanal i dei cellene som lagar insulin. Forskarane visste at legemiddelet sulfonylurea batt seg til denne kanalen.

Dette vert kalla MODY, og er ei undergruppe av diabetes. To prosent av dei opp mot 400 barna som får diagnosen type 1 årleg, har denne mutasjonen.

– Så byrja me å lura på om desse pasientane kunne behandlast med slike tablettar. Me gjorde eit behandlingsforsøk, og trur du ikkje det verka?

Njølstad og dei andre forskarane har no funne ut at denne behandlinga er varig. Det er eit stort gjennombrot, ifølgje Njølstad.

– Tilsvarande behandling for type 2-diabetes hos eldre sviktar etter fem år, men i dette tilfellet ser behandlinga ut til å vera varig, seier han.

– Tryllemedisin

I tillegg til å setja 2500 insulinsprøyter kvart år, må barn med nyføddiabetes i tillegg stikka seg for å få ut blod for å måla blodsukkeret. Det skjer i snitt 3500 gonger kvart år.

– I staden for å ta sprøyter, kan borna ta ein tablett om morgonen og ein om kvelden. Det er nesten som ein tryllemedisin, seier Njølstad.

Dei som har fått behandling med tablettar, har hatt eit stabilt jamt blodsukker. Dessutan får dei ein enklare kvardag når dei ikkje treng tenkja på blodsukkermåling, kva dei et og om dei skal vera fysisk aktive.

– No har me veldig god grunn til å tru at desse pasientane kan bruka tablettane resten av livet og kvitta seg med sprøytene, seier Njølstad.

Njølstad

NØGDE: Pål Njølstad og stipendiat Pernille Svalastoga sine forskingsresultat blir publisert i prestisjetunge The Lancet denne veka.

Foto: Christian Lura / NRK

Håp for fleire

Njølstad trur det kan vera håp for at større grupper med diabetes-pasientar kan gå over til tablettar i framtida.

– Vi veit det finst fleire undergrupper av diabetes. Viss vi klarer å finna nøyaktig kva det er som triggar kvar enkelt slik gruppe, kan det vera mogleg å laga presisjonsmedisin òg for dei, seier han.

NRK presiserer: Det er kun nokre få av dei borna som blir fødde med diabetes type 1, som har mutasjonen kalla MODY, som med dette gjennombrotet kan ta medisin med tablett framfor sprøytestikk.