Bli med til Borgaråsen i Etne. Namnet skriv seg frå den tida bygdeborga for deler av Etne låg på toppen av dette åsdraget. Framleis finn vi spor etter den tida og utsynet frå Borgaråsen er både praktfullt og praktisk når ein skulle speida etter mogelege fiendar.
Turen opp går gjennom den vakre granskogen som diktaren Olav Vik planta og seinare gav til bygda for at området skulle brukast til rekreasjon og friluftsliv.
Siste del av turen er skikkeleg brattlendt og ein må vakta seg vel for kor ein set føtene. Likevel bør dei aller fleste i rimeleg god form kunna ta seg opp til Borgaråsen, som er ein tur med sogesus.
Vegvisar for KulTuren er Erik Kvalheim som er fagansvarleg for kultur og miljøvern i Etne kommune.
God Tur!