Hopp til innhold

- Gilde vil overleva

Funn og mistanke om E.coli-smitta mat vil ikkje få konsekvensar for Gilde på sikt. Det meiner nestleiar i Hordaland Bondelag, Nils Neteland.

Kyr
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Fleire aviser skriv i dag at toppsjefen i Gilde, Axel Krogvig, fryktar at E.coli-saka vil gå utover Gilde i lang tid.

Det er Nils Neteland, som er nestleiar i Hordaland Bondelag, usamd i.

Sjølv om smitten no er funnen i spekepølsa Sognemorr frå Sogndal, trur ikkje Neteland at bøndene vil skifta kjøtprodusent.

 

 

Nils Neteland
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Fortvilt situasjon

- Men det er sjølvsagt fortvilande å lesa om små born som blir sjuke, seier han.

Nils Neteland er 14. generasjons gardbrukar på garden Neteland i Kvam herad.

Den nyvalde nestleiaren i Hordaland Bondelag har som alle norske kjøtprodusentar følgd nøye med på jakta på E.coli-bakterien den siste månaden.

Trur ikkje det vil knekka Gilde

I alle år har Neteland levert kjøt til Gilde, og det aktar han å halda fram med. Han trur ikkje på påstandane som har kome fram i dag om at E.coli-saka kan knekka Gilde.

- Me rir nok stormen av på lang sikt, seier han.

Neteland meiner det er viktig at bøndene støttar verksemda, som den siste månaden er blitt granska av Mattilsynet.

Han ser ikkje noko anna løysing enn at samvirkeverksemda må koma samla over kneika.

- Løysinga er ikkje å svikta Gilde no. Trass alt er det vår eiga verksemd, og det er slik me kan oppretthalda ein stabil marknad, fortel han.

 

Slakt
Foto: Arkivfoto / NRK

Salet kraftig redusert

Men om bøndene står samla om Gilde har mange forbrukarar fått skrekken.

Salget i kjøtdisken er blitt kraftig redusert.

Helge Torbjørnsen er merkevareforskar i NHO. Han meiner den siste tida kan ha skada Gilde som merkevare.

- Forbrukarane anar no ikkje kva Gilde-produkt som er trygge å eta, og det er svært alvorleg for Gilde, meiner han.

- Må overkommunisera med kundane

Han meiner også at Gilde har ein jobb å gjera for å vinna tilbake kundane.

- Dei må forklara kundane om kvifor dette har skjedd, og kva dei skal gjera for at det ikkje skjer igjen, seier han.

Nils Neteland meiner likevel at Gilde vil klara seg, og at leiinga i konsernet har gjort ein god jobb i den vanskelege perioden.

- Dei har gjort ein fanatastisk innsats, seier han.