Hopp til innhold

Mjølka kan bli dobbelt så dyr for Torbjørn med samanslåing

ETNE (NRK): Bønder i Etne fryktar prishopp om det blir tvinga til å bytta fylke til Rogaland. – Me opplever at fleire er urolege over heile landet, seier Noregs bondelag.

Torbjørn Grønstad

SKEPTISK: Leiar i Etne bondelag Torbjørn Grønstad er redd ei fylkesendring vil få negative konsekvensar for bøndene i kommunen.

Foto: TALE HAUSO / NRK

– Det er betre å vera bonde i Hordaland enn i Rogaland. Vilkåra for bøndene er mykje dårlegare i nabofylket, seier Torbjørn Grønstad, leiar i Bondelaget i Etne.

Diskusjonen om kommunesamanslåing er godt i gang i Hordalandskommunen Etne.

Etter at dei i fjor konkluderte med at det ikkje var aktuelt å bli del av ein storkommune i Sunnhordland, ligg alle alternativa til samanslåing no i Rogaland.

For mjølkebonde Grønstad er forskjellar i pris på mjølkekvoten eit viktig tema.

– Her i Etne så har me gjerne betalt 3–4 kroner for literen, medan i Rogaland må ein betala mellom 8 og 10 for literen, om ikkje meir.

– Distriktstilskota og midlar frå Innovasjon Norge er også mykje betre i Hordaland.

– Viktig å ikkje svekka tilskota

Bøndene i Etne er ikkje aleine om å frykta fylkesendringar.

– Når region- og kommunestrukturen i landet er under debatt er det naturleg at folk er urolege, seier leiar i Noregs bondelag, Lars Petter Bartnes.

Kyr på beite

ANDRE PRISAR: Jæren og Rogaland har nokre av Noreg sine største garder, og heilt andre tilskotsordningar for bønder enn Hordaland. Her kyr på beite på Jæren.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Bartnes fortel at dei får signal frå fylkeskontora rundt om at medlemmane er redde for kva konsekvensar det kan få.

– Ein plass må grensene gå, og fylka og kommunane blir ofte brukt som skilje på satsane på tilskot. Medan i nokon tilfelle er det klimatiske og geografisk vurderingar som er gjort, seier Bartnes

Han seier dei kjem til å følga saka tett vidare.

– Det er viktig å ikkje svekka tilskota for bøndene som er i grenseområda. Det er årsaker til at det er forskjellar på satsane. Me ønsker ikkje at det skal bli store endringar, slår Bartnes fast.

Folkemøte Etne

DEBATT: Under folkemøte på Åkrafjordtunet i går var det delte meiningar om Etne burde stå for seg sjølv, eller slå seg saman med andre kommunar.

Foto: TALE HAUSO / NRK

– Utfordrande

Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen, forstår uroa til bøndene.

– Me har oppfordra bondelaget og småbrukarlaget til å komma med innspel i høyringa, og det skal me heilt klart ta med oss. Eg forstår at dei blir uroa, fordi det går på inntektene deira.

Ho peikar også på at ei kommande regionreform i landet vil kunne endra situasjonen.

– Med regionreforma vil landbruket sine kår vera heilt i det uvisse, så kva me skal tenka ut ifrå er ei utfordring.

Torbjørn Grønstad håpar det vil bli mogleg å halda fram som før.

– Etne er ein landbrukskommune. Det håpar eg me kan vera i framtida også, så det blir spennande å sjå kva utfallet blir.

Siri Klokkerstuen

USIKKERT: Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen (Ap), synest det er vanskeleg å føresjå vilkåra for bøndene, med ein mogleg regionreform på trappene.

Foto: TALE HAUSO / NRK