Sinte bønder skaper kø i trafikken

Bøndene i Nordhordland lar trafikkantane smake på misnøya si.

Video TRAKTORDEMO-080510-HO#2_HO.mp4

– Det er ikkje berre oss sjølve vi syt for. Dette er ein aksjon mot politikarar som ikkje har skjønt kvifor vi har landbruk her til lands, seier bonde Reidar Konglevoll frå Seim i Nordhordland.

Lusent tilbod

Laurdag føremiddag mønstra han mellom 30 og 50 bønder på traktor til demonstrasjon på E-39 i Knarvik, nord for Bergen.

– Det er ikkje vanleg å sjå norske bønder demonstrere på denne måten?

– Nei, men no måtte vi gjere noko. Det er et lusent tilbod staten har komme med. Me krevde 1,8 milliardar kroner i årets landbruksoppgjer. Tilbodet lyder på lusne 750 millionar.

Les også: Landbruksoppgjøret mot overtid | Bøndene blir mer pessimistiske | Bøndene aksjonerte | Bondelaget bønnfaller om mer penger

– Det er langt frå nok.

Mattryggleik

– Dette handlar ikkje berre om vår inntekt. Det handlar om sjølvberging og mattryggleik, seier Konglevoll.

– Vi har mat nok i dag, Og i morgon. Men kva med framtida?

– Norsk landbruk er i krise og om ikkje noko vert gjort blir det vanskar for framtida, seier han.

Gjennom den storstilte demonstrasjonen i Nordhordland der mellom 30 og 50 bønder kjører i kortesje mellom to rundkjøringar og lagar lange køar på E-39 vonar han at folk skjønar alvoret i årets landbruksoppgjer.

Krev krisepakke

– Staten har skjønt at skipsverfta her til lands er i krise. Dei har no fått ei større krisepakke.

Les også: - Langt unna forventet

– Men kva med mattryggleiken? spør konglevoll.

– Vi fekk ei påminning om kor viktig det er med mattryggleik, etter Tsjernobyl. Det er på tide politikarane tenkjer på kor viktig dette spørsmålet er for framtida.

Bøndene i Nordhordland aksjonerer

Mello 30 og 50 bønder på traktor er med på demonstrasjonen.

Foto: Vigdis Holmaas / NRK

– Vi har fått en del klager fra bilister på kødannelser i området, opplyser operasjonsleder ved Hordaland politidistrikt, Erik Gjesdal til NRK.no.