Hopp til innhold

Bøndene jublar for rekordsesong

Det har vore ein draumesommar for både dyr og bønder. Samanlikna med det labre året i fjor, har mange kunna hausta dobbelt så mykje gras. – I år har alt gått bondens veg.

Sauer og bonde i Hordaland

KOSAR SEG: «Berit» og dei andre sauene til bonde Nils Inge Hitland har kosa seg med saftig og grønt gras i heile sommar. Også bøndene jublar – fleire melder om rekordavlingar.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det er det gode vêret som gjer at det har vore eit uvanleg godt år for bøndene. Graset har vore grønt og saftig, og fleire har gjort slåtten både to og tre gonger.

– Det har vore rekordavling for oss. Det var ein veldig god førsteslått og også ein god andreslått. Eg kan ikkje huske ein slik sesong, seier bonde Nils Inge Hitland.

Han har gard i Åsane, og er leiar i Hordaland Sau og Geit.

Tidleg vår

Og med så mykje gras er det mogleg for bonden å produsere kjøtt og mjølk på grovfôr, og så spare på kraftforet.

– Det betrar økonomien for bonden, forklarer Lise Austrheim hjå Norsk Landbruksrådgivning i Hordaland.

Ho har vore i fylket sidan 1990 og kan ikkje huske eit så godt år for bøndene.

– I år har alt gått bondens veg. Det var fin overvintring og graset stod fint i vår. Og våren kom tidleg, slik at bøndene kom godt i gang.

– Kjekt å vera bonde

– Me trengde eit positiv år no, seier mjølkebonde Lars Istad på Voss og syner til den labre sesongen i fjor. Styremedlemmen i Tine Vest skildrar sommaren i år som fantastisk.

– Me har gode avlingar og vi har hatt ein lang og god beitesesong. Mange bønder har dyra framleis ute på beite.

Det siste året har ikkje mjølkebøndene i Hordaland klart å produsera så mykje mjølk som dei har lov til. I år håpar dei på at det blir.

– Så det er kjekt å vera bonde. Det er triveleg å prata med andre som har fulle siloar og mange rundballar på laget. Me går vinteren i møte med godt mot, avsluttar Istad.