Bøndene aksjonerer ved Coop i Trondheim.
Her sperrar bøndene for Asko sitt lager i Brumunddal.
I Bergen sette bøndene ein stoggar for lastebilane som skulle ut frå Asko sitt lager i Arna.
- Aksjonen har gått fredeleg for seg, seier organisasjonsleiar Lars Petter Taule i Hordaland bondelag. Han stilte seg opp ved Asko i Bergen.
Ved Coop sitt lager i Bergen vart det ampert fredag morgon. Ein lastebilsjåfør hadde ikkje tid til å venta på at bøndene sin aksjon var ferdig, og køyrde ned sperringane. Men stort sett gjekk det fredeleg for seg, fortel leiar Bodil Fjelltveit i Bergen Bondelag.
I Follo vart bøndene sin aksjon først avbrote av politiet. Etter kort tid fekk dei halda fram med blokaden.
Mellom 200 og 300 bønder aksjonerte over heile landet i dag.