NRK Meny
Normal

Vegdugnad eller landevegsrøveri?

Ola og Kari sine bompengeutgifter er dobla på 10 år. Sjå kor det er flest bomstasjonar og kven som betalar mest!

Bommontasje
Foto: Kjetil Rydland / NRK

- Her hadde det nok vore urørd natur om me ikkje hadde gått med på å betala bompengar. Ordførar Inge Reidar Kallevåg har tatt oss med til Bømlabrua, som i ti år har bunde øykommunen Bømlo saman med fastlandet.

Høgre-ordføraren er ikkje i tvil om at det var rett å gå for bompengefinansiert storutbygging i Sunnhordland for ti år sidan.

Inge Reidar Kallevåg

BETALAR MED GLEDE: Høgre-ordførar Inge Reidar Kallevåg, Bømlo.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

- Eg ser på dette prosjektet som eit symbol på at me har tru på framtida, seier han, i det han svingar ut på brua og brutårnet nærmar seg.

Men det har kosta. Sidan 2001 har bilistane lagt igjen over ein milliard i bompengar for å finansiera Trekantsambandet, som er eit av dei ti mest innbringande bompengeprosjekta i landet.

Les og: Dette er bompengelandet | Bidreg med 2 500 000 kroner i året

Kraftig auke

Sidan nedbetalinga av storprosjektet i Sunnhordland starta for ti år sidan har nordmenn sine bompengeutgifter auka betrakteleg. På dei same ti åra har Ola og Kari sitt samla bidrag i bompengar vorte dobla, sjølv om ein tek omsyn til prisveksten.

Medan nordmenn året før Trekantsambandet opna betalte i underkant av 2,5 milliardar (2010-kroner) i bompengar, vert det i dag betalt inn over 5,7 milliardar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Splittar folket


Ei rekke meiningsmålingar viser at spørsmålet om bompengar splittar befolkninga, noko som vert stadfesta av seniorrådgjevar Roar Håskjold i meiningsmålingsinstituttet Sentio.

Dei har dei siste åra tatt tempen på haldningane til den såkalla Miljøpakken i Trondheim.

- Me kjenner oss igjen i at meiningane er svært delte. Særleg på førehand er ofte skepsisen stor. Men våre undersøkingar frå Trondheim peikar på at mange faktisk aksepterer bompengar så lenge dei går til konkrete og nære prosjekt, fortel Håskjold.

-Kallar det landevegsrøveri

Også når me møter reisande mellom Bergen og Sunnhordland sprikar meiningane.

Lillian Grønhaug

LANDEVEGSRØVERI: Lillian Grønhaug betalar bompengar som er inkludert i ferjebilletten mellom Sandvikvåg og Halhjem.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

-Eg kallar det landevegsrøveri, Dei kunne spart seg alle bompengane sidan me frå før betalar så mange andre bilavgifter, seier Lillian Grønhaug som er på veg frå Meland til Stord.

-Eg er nok ein av dei som synst at dette er ein fin dugnad, seier Hans Magne Stokka, som me møter på Bømlo.

Folk frå Bømlo om bompengar:

Delte meiningar om bompengar blant bømlingane.

Delte meiningar om bompengar i Bømlo.

Flest bomprosjekt på Vestlandet


Begge dei to kjem frå bom-fylke nummer ein i Norge. Ei av fire norske bompengepakker befinn seg innanfor Hordaland sine fylkesgrenser. Om ein tar med Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland er halvparten av bomanlegga i Norge i dei fire vestlandsfylka.

Les òg: - Må rekna med å betala i lang tid

Tor Enger

BETALAR SIN DEL: Tor Enger frå Bergen har betalt både i bomringen i Bergen og på ferja mellom Os og Stord.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

- Eg synst at me vestlendingar betalar i meste laget, seier Tor Enger frå Bergen.

Han betalar rundt 4000 kroner kvart år på passeringar i Bomringen i Bergen.

Dei kalde fakta viser derimot at det ikkje er bergensarar eller vestlendingar som må grava djupast i lommeboka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Austlendingane betalar mest

Medan den gjennomsnittlege vestlending, ifølgje dei siste tala til vegvesenet frå 2009, betalte 1297 kroner måtte austlendingen ut med om lag ein femtilapp meir på sine årlege bompasseringar.

Transportnæringa på Vestlandet meiner likevel det ikkje er nokon grunn til å peika ut andre enn vestlendingane som dei som er dårlegast stilt når det gjeld bompengar.

- Ein må sjå på heile biletet, om ein tar med til dømes ferjebillettar er det ingen tvil om at vestlendingane betalar mest for å reisa på norske vegar, seier Jan-Ove Halsøy, som representerer Norges Lastebileier-forbund i Hordaland.

Om ein ser på lista over dei ti bompengeprosjekta som samlar inn mest pengar er det folk i hovudstaden som tar det største løftet. Faktisk betalar bilistane i Oslo og Akershus like mykje som alle dei ni andre prosjekta på lista til saman.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Les òg: Droppar handelen grunna bompengar

Ser ingen ende på bompengane

Tilbake på Bømlo nærmar datoen for nedbetaling av Trekantsambandet seg. Det betyr derimot ikkje at bømlingane kan slutta å betala bompengar. Stortinget har allereie gitt klarsignal for byggestart for nye vegprosjekt på øya som til saman kjem på over ein milliard.

Det betyr 15 nye år med bompengar i sunnhordlandskommunen.

Det skapar sterke reaksjonar hjå mange av innbyggarane, me møter ved ein daglegvarebutikk i utkanten av kommunesenteret Svortland.

Skeptiske til bompengar

SKEPTISKE: Nelly Myhre og Siv Jorunn Meland meiner bømlingane har betalt nok.

- Nok er nok, bompengane må vekk, seier Siv Jorunn Meland.

- Eg betalar ikkje med glede, seier Nelly Myhre.

Ordførar Inge Reidar Kallevåg på si side meiner ein ikkje bør satsa for store summar på at det skal verta slutt på innkrevinga i Bømlo og andre norske kommunar.

- Vegutfordringane er så mange og så store at eg ikkje ser føre meg at me i vår tid skal slutta å betala bompengar, seier Høgre-ordføraren.

Video - Bompengar var riktig, meiner Bømlo-ordføraren.

- Bompengar var riktig, meiner ordførar Inge Reidar Kallevåg.

Les òg: Gjer deg klar for 30 år med bompengar

Siste video

NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.
Programleder: Mariann Reikerås