FNB opnar for bybanebygging for å lokka Sp og KrF mot høgre

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB), Høgre og Frp vil samla fleirtal for å danna byråd i Bergen. Onsdag inviterte dei KrF og Sp for å ta makta i byen.

Trym Aafløy jubler over valgresultatet i Bergen

MEDVIND: Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) sikra seg stemmene til kvar sjette bergensar. Trym Aafløy posisjonerer seg no i eit forsøk på å ta makta i lag med høgresida.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Høgresida har slett ikkje gitt opp planane om eit maktskifte i vestlandshovudstaden.

Høgre er byens største parti etter at Arbeidarpartiet (Ap) blei halvert sidan førre val, og bompengepartiet debuterte med eit brakval.

Onsdag møtte FNB Høgre og Framstegspartiet til samtalar om eit byrådssamarbeid i Bergen.

– Me har i dag hatt eit veldig konstruktivt møte, og har også hatt kontakt med Pensjonistpartiet. No vil me sondera med Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, for å sjå kva saker som er viktige for dei når dei skal gå i byrådsforhandlingar. Målet er å sjå om me ikkje kan ha eit attraktivt tilbod til dei også, seier Aafløy.

Partioppslutning i Bergen

20,0 %
30093 stemmer
19,8 %
29727 stemmer
16,7 %
25053 stemmer
9,9 %
14925 stemmer
8,6 %
12944 stemmer
5,3 %
7987 stemmer
4,9 %
7329 stemmer
4,7 %
6998 stemmer
3,8 %
5775 stemmer
3,1 %
4621 stemmer
1,5 %
2239 stemmer
0,7 %
1113 stemmer
0,6 %
852 stemmer
0,2 %
312 stemmer
0,1 %
215 stemmer
0,1 %
91 stemmer
Roger Valhammer etter møte i Bergen 10.september

SAMTALAR: Roger Valhammer (Ap) møter pressa etter samtalar med mellom andre Thor Haakon Bakke (MDG, bakarst) og Erlend Horn (V) tysdag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Høgre: – Ingen kommentar

Tysdag uttalte Harald Victor Hove (H) han slett ikkje har gitt opp planane om å bli byrådsleiar i Bergen.

Onsdag kveld stadfestar han at partia har invitert Sp og KrF til samtalar om byrådssamarbeid.

– Utover det har eg ingen kommentar på noverande tidspunkt.

Håpet er å kuppa byrådsplanane til Ap.

Både KrF og Sp har vore i samtalar med Ap, Venstre, SV, MDG og Raudt sidan tysdag. Ap-leiar Roger Valhammer inviterte sentrumspartia og heile venstresida for samtalar mellom det som kan bli eit regnbogefarga fleirtal.

Samtalane skal halda fram torsdag.

Til trass for at KrF gjekk til val på vidare byrådssamarbeid med Ap og V, og Senterparti-topp Ove Sverre Bjørdal valnatta uttalte at Ap er den mest naturlege samarbeidspartnaren, trur Aafløy eit høgre-sentrumssamarbeid er realistisk.

– Eg oppfatta Bjørdal som at han ville sondera med Ap først. Men i ordet først ligg det jo at ein seinare kan gå andre stader. Difor vil me gi han eit tilbod frå oss også, seier Aafløy.

Harald Victor Hove på Høyres valgvake i Bergen 2019

BYRÅDSLEIARKANDIDAT: Harald Victor Hove fotografert på Høgre si valvake i Bergen måndag.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kan støtta vidare bybane-bygging

Partiet har gått til val på å riva den ytre bomringen i Bergen. I tillegg har dei programfesta at Bybanen ikkje skal gå over Bryggen.

Sett vekk frå det er partiet villig til å strekka seg langt for å føya sentrumspartia – også å støtta vidare bybanebygging i Bergen. På eitt vilkår: At staten betalar alt.

– Så lenge me får bort den ytre bomringen, som er ein del av kompromisset her, så har me ein pragmatisk innstilling: Viss me får staten til å kasta vekk masse pengar på å betala for heile banen til Åsane, så skal ikkje me stilla oss i vegen for det. Kanskje kan me ta ein mellomløysing, der me i første omgang bygger til NHH, og ta det i fleire etappar. Me er ikkje låst på noko anna enn at den ikkje skal gå framfor Bryggen.

Kva konkrete saker kan de møta Sp og KrF med?

– Eg synest ikkje me skal forhandla her. Det er heller ikkje riktig å seia at me skal gi dei ditt og datt. Me vil vita kva saker dei er opptekne av, kva som er viktigaste for dei å få gjennomslag for. Det er det som må vera utgangspunkt for diskusjonane, seier Aafløy.

Harald Victor Hove svarar følgande på om Høgre faktisk har blitt einig med FNB om å riva ytre bomring:

– Me er einige om å ha samtalar om samarbeid med KrF og Sp. Kva som kjem ut av dei samtalane står att å sjå.

Trym Aafløy jubler over bompengebraket på valgnatten

JUBEL: Protestpartiet gjorde eit brakval i Bergen og fekk 16,7 prosent av stemmene. Trym Aafløy fekk desidert flest personstemmer av alle innvalde i bystyret.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Stenger ikkje døra for FNB

Men Ove Sverre Bjørdal (Sp) vil ikkje seia stort. Sentrumsmannen har sidan tysdag hatt samtalar med dei tre byrådspartia, MDG og venstresida, og har ikkje tatt stilling til kva han svarar på ein invitasjon frå trekløveret på høgresida.

– Eg tek ingen avgjerder før eg har diskutert det med styret. Me skal ha nye samtalar i morgon, så skal partiet ha eit styremøte på kvelden.

Bjørdal vil ikkje svara på kor aktuelt det er å diskutera byrådssamarbeid med protestpartiet.

– Ein del politikk er samanfallande, og ein del skil oss. Mellom anna vil dei gjera ein del kutt i økonomien som vil få dramatiske konsekvensar. Me veit ikkje kva FNB står for politisk. Frp skil seg ideologisk frå Sp, og det vil vera utfordrande. Høgre er noko nærare, men det er saker som skil her også, seier Bjørdal.

Ove Sverre Bjørdal og Skjælaaen
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Sp ikkje lenger på vippen

Etter finteljinga i Bergen, hamna ikkje Sp i den vippeposisjonen dei låg an til. Roger Valhammer (Ap) kan difor klara seg utan Sp for å danna fleirtal.

Men då treng han støtte frå både Raudt og Kristeleg Folkeparti, eit politisk samarbeid som ikkje akkurat klaffar ideologisk.

Men der Ap kan styra utan Sp, er høgresida avhengig av at både Sp og KrF byter samtalepartnar.

Finansbyråd og førstekandidat i KrF, Håkon Pettersen, skriv i ein tekstmelding onsdag kveld at partiet no har samtalar for å finna løysingar med utgangspunkt i dagens byråd.

– Då er det ikkje naturleg å samstundes ha samtalar med andre konstellasjonar.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon