Hopp til innhold

Flypassasjer hevda å ha bombe i bagasjen

Ein passasjer om bord i eit Wizzair-fly frå Bergen til Vilnius hevda han hadde ei bombe i bagasjen.

Bombetrussel mot fly frå Bergen
Foto: Skjermdump

Ein av passasjerane om bord i flyet hevda han hadde ei bombe i bagasjen, melder Bergens Tidende.

Det var først då flyet landa i Vilnius klokka 13.34 at passasjeren fortalde at han hadde ei bombe i kofferten.

Blei evakuert

Etter landinga blei flyet evakuert. Tryggleikspersonell går igjennom all bagasjen om bord for å avklare kor vidt det var hold i påstandane til passasjeren.

Mannen skal ha vore rusa då han kom med truslane. Etter landing i Vilnius blei han arrestert.

WIZZAIR-HUNGARY/ A Wizz Air Airbus A320-200 aircraft takes off from Budapest Airport

TOK IMOT TRUSSEL: Det var eit fly frå det ungarske lågprisselskapet Wizzair som blei utsett for bombetrusselen.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

Passasjerane må vente

Medan bagasjen om bord i flyet blei sjekka må passasjerane vente.

Ein tilsett ved flyplassen i Vilnius stadfestar overfor NRK at dei ikkje fann noko bombe om bord i flyet.

Trusselen kom på rute W68082 som tok av frå Flesland lufthamn klokka 12.49 i dag.