Hopp til innhold

BOMBEGRUPPE PÅ VEG TIL FLESLAND:

Politiet si bombegruppe er på veg til Bergen Lufthamn Flesland for å sjekke ut ein mistenkjeleg pakke. Pakken ligg inne på eit område der publikum ikkje har tilgang og flyplassen blir ikkje evakuert. – Bombegruppa skal sjekke om det er ei bombe eller berre ein pakke som ikkje skulle stått der, seier operasjonsleiar i Hordaland Lars Geitle.