Hopp til innhold

«Kjære Olav H. Hauge, mange takk for brevet»

Ei brevveksling mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen blei etter kvart til vennskap og ekteskap. Då Hauge-senteret opna i helga var ho tilbake, der ho levde i 23 år saman med mannen og diktaren.

Cappelen og Seljestad om Olav H.Hauge

I ULVIK: Bodil Cappelen og Lars Ove Seljestad er i Ulvik i helga under opninga av Hauge-senteret. Foto/redigering: Christine Kongsvik.

«Kjære Olav H. Hauge, mange takk for brevet. Eg har tenkt på å svare før, men det blei ikkje noko av». Slik les Bodil Cappelen frå eit av breva ho sende Hauge. Ei brevveksling blei snart til vennskap og ekteskap, og Bodil flytta etter kvart til Hauge i Ulvik i Hardanger.

Bodil Cappelen

23 ÅR I ULVIK: Bodil Cappelen levde saman me Olav H. Hauge i Ulvik i Hardanger. No er ho tilbake for å delta på opninga av Hauge-senteret.

Foto: NRK

Denne helga opna Olav H. Hauge-senteret på heimestaden deira, der dei levde saman i 23 år. No er Bodil Cappelen tilbake for å dele historiane frå livet med Hauge.

LES OGSÅ: Heidra Hauge med eige senter

– Eg har ikkje noko privatliv eg no lenger, smiler ho. Det som er av interesse for Hauge-senteret, går no til dei.

Brev, private notat, boksamlingar og bilete. Alt dette er blitt ein del av senteret som skal opne døra til Hauge si dikting for enno fleire.

«Til ho som sende meg ei plate med Bach og Händel»

Lyrikeren Olav H Hauge

HAUGE: Olav H. Hauge levde og skreiv i Ulvik i Hardanger.

Foto: Engen, Torolf / SCANPIX

Hauge-senteret har fått rom i heradshuset i Ulvik i Hardanger. Slagordet til senteret er «store opplevingar på små flater». For basisutstillinga er på berre 140 m² fordelt på sju rom, medan resepsjon, butikk og kontor utgjer om lag 90m2.

Senteret skal halde kulturarrangement for innbyggarane i regionen, formidle litteratur, og samstundes vere eit museum og ein stad for forsking.

– Kva trur du Olav ville ha tenkt om senteret?

– Eg trur han ville blitt imponert, og tykt det var fint. Det trur eg. I alle fall når det var komme så langt som no. Før det var ferdig ville han sikkert tenkt at dette blir ikkje noko av. Han ville blitt overraska.

Dikt til Olav H. Hauge

Bodil Cappelen arbeider vidare med å spreie ektemannen sitt arbeid. Snart kjem fleire bøker ut på svensk og tysk. Ho merkar dikta hans har slagkraft også utover Noreg.

– Det må jo vere at dei føler han er ein av oss. Når dei les dikta hans, seier dei «wow, dette kjenner me ikkje, og dette vil me bli kjent med.»

LES OGSÅ: Han er Olav H. Hauge på Facebook

lars Ove Seljestad

INSPIRERT AV HAUGE: Lars Ove Seljestad besøkte Ulvik som ung poetspire. No er han tilbake under opninga av Hauge-senteret.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

Utanfor huset til Olav H. Hauge står Lars Ove Seljestad. Diktaren som har latt seg inspirere av Ulvik-poeten sidan han var ung.

– Det er rart å tenke på at eg som ungdom og poetspire var i Ulvik og leita etter huset til Olav H. Hauge.

Han hugsar framleis brevet som kom frå Ulvik etter at han som ung lyrikar sende noko av arbeidt sitt til Hauge. «Kjære, Lars Ove Seljestad. Du driv og skriv dikt du. Mange gjer det som er verre her i verda.»