Hopp til innhold

Naust fekk nei - 200 bustadar fekk ja

Privatperson fekk nei til å reise små boder i strandsona. 100 meter unna fekk kommunen fylt igjen i det same sundet for eit svært prosjekt med 200 bustader.

photoshop

STRANDSTRID: Ole Kåre Straume fekk nei frå fylkesmannen til å byggja fire reiskapsboder på ein molo (t.v.), men hundre meter unna fekk Fjell kommune fylla igjen i det same sundet for å byggja blokker med 200 bustader.

– Eg tilgir dei aldri for at dei gjer detta her, seier Ole Kåre Straume medan han står på sin private strandmolo i Straumsundet.

Ole Kåre Straume

VANSKELEG Å TILGI: Ole Kåre Straume meiner at området no er rasert.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Her var det planlagt fire reiskapsboder til etterkomarane til Straume på mellom tolv og 14 kvadratmeter.

– Eg søkte om å byggja reiskapsbod fordi eg ville blant anna ha ein påhengsmotor og andre småting der, men fylket sa nei, seier Straume.

Uforståeleg forskjellsbehandling

Likevel godtok den same Fylkesmannen at det nokre år seinare skulle byggjast på same området eit svært bustadkompleks med 200 bustader og næringsareal heilt i sjøkanten.

I dag er store delar av sundet 100 meter nord for moloen til Straume tetta igjen med ei svær steinfylling til det nye bygget.

– Når ein ser kva dei fyller ut på nordsida og kva dei skal byggja, så er det ein uforståeleg forskjellsbehandling og ein rasering av Straumsundet, meiner Straume.

– Det er vanskeleg å tilgi at dei har rasert området, legg han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylling ved Bildøy

STEINFYLLING: I dag er store delar av sundet 100 meter nord for moloen til Straume tetta igjen med ei svær steinfylling til det nye bygget.

Foto: Ketil Jordan

Avviser forskjellsbehandling

Avdelingsdirektør Else-Kristin Foss Vikenes hos Fylkesmannen i Hordaland, forklarer at det er forskjell på dei to sakene i det same sundet.

Else-Kristin Foss Vikenes

AVVISER: Avdelingsdirektør Else-Kristin Foss Vikenes hos Fylkesmannen i Hordaland avviser ei forskjellsbehandling.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Den viktigaste forskjellen her er at det store prosjektet har vore ein planprosess og det er kommunen sjølv som har hatt lyst til detta sjølv, seier Vikenes.

Foss Vikenes meiner det derimot er forskjell på Straume sin situasjon.

– I det andre tilfellet har kommunen sagt at det i utgangspunktet skal vera landbruks-, natur,- og friluftsområde, så der har vi sagt nei til utbygging og det må gode grunnar til for å gje ein disposisjon, seier Foss Vikenes.

Likevel avviser ho at det er forskjellsbehandling.

– Det kan ikkje samanliknast. Forskjellsbehandling er lov når det er sakleg grunngitt og det er det her. Strandsona er under sterkt press, seier Foss Vikenes.

das

NYTT BUSTADKOMPLEKS: Eit svært bustadkompleks med 200 bustader og næringsareal skal kome heilt i sjøkanten.