Hopp til innhold

Bo (9) fann mus i auremagen: – Aldri sett på makan

Då ni år gamle Bo Marton Wittrup fredag sløgde ein av sine første fiskar på Kvamskogen, fann han ein noko uvanleg innmat i magesekken. – Svært sjeldan, seier havforskar.

Fann mus i ørret

FRÅ MAGESEKKEN: Bo Marton Wittrup (9) pleier å opne magesekken på fiskar han får på stonga. Fredag fann han ein noko uvanleg fangst i magen på den vesle fjellauren.

Foto: Andrè Marton Pedersen

Pappa, pappa! Er det ein fuglunge?

Stemma som ropar gjennom brusingane frå Mødalselva i Kvam tilhøyrar ni år gamle Bo Maton Wittrup. Han har akkurat begynt å sprette opp magen på den vesle auren han har fått på kroken.

– Vi såg berre pels, og lurte veldig på kva det var. Då vi snitta magesekken heilt opp viste det seg at det var ei mus. Den fylte store delar av fisken, fortel far til Bo, André Marton Pedersen.

Han anslår at auren var om lag 20 centimeter lang.

– Eg vart veldig overraska, seier niåringen.

– Hard mage

Det var då den turglade familien var på fisketur i Furedalen fredag kveld, at ein fjellaure beit på bambusstonga til Bo.

– Magen var heilt hard då eg kjende på fisken. Då eg opna såg det ut som den hadde slukt musa heil, så eg lurer på korleis det er å ha ei levande mus i magen, seier niåringen.

Mus i fiskemage

STAPPMETT: Auren, som anslagsvis var mellom 100 og 150 gram, hadde ei mus i magesekken. Ifølge Joachim Ekeli, dyrepassar på Akvariet, har musa truleg sumt då ho vart eten.

Foto: ANDRÈ MARTON PEDERSEN

Etter funnet av det som truleg var ei spissmus, feira fiskarane med ein sjokoladebit medan dei diskuterte korleis musa hadde hamna i fisken.

– Så kasta vi musa ut igjen i vatnet, fortel Bo.

– Ein rovrett

Auren ligg no i kjøleskapet på hytta, medan familien er usikre på om dei tørr å ete den.

– Vi har lest litt på internett, og det er delte meiningar om ein kan ete fisk som har hatt mus i magen. Det er litt skummelt, men det skal gå dersom ein varmebehandlar den, seier André.

André Marton Pedersen

OVERRASKA: André Marton Pedersen, som mellom anna skriv turblogg, seier han aldri før har høyrt om fisk som et mus.

Foto: André Marton Pedersen

– Når det finst forum på nettet om fiskar med mus i magen, betyr det at dette er vanleg?

– Eg har aldri høyrt om det før, men det skjer tydelegvis.

Det kan Joachim Ekeli, som er dyrepassar på Akvariet i Bergen, bekrefte.

– Auren er opportunist, den et den maten det er mest av og det den klarar å fordøye. Dermed kan dei ete til dømes mus, dersom det er museår. Eg har sjølv fått aure med mus i magen, fortel Ekeli.

Han synest likevel funnet til Bo er imponerande.

– Dette må vere ein skikkeleg rovrett for ein så liten fjellaure. Tidlegare har eg berre sett større fiskar som har gjort det same.

Sune og Bo Pedersen på fisketur

FISKETUR: Brødrene Bo (t.v.) og Sune er ofte på fisketur med faren. Bo har akkurat lært seg å sløye fisk sjølv.

Foto: ANDRÈ MARTON PEDERSEN

Overraskar forskarane

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Øystein Skaala, seier det er svært sjeldan dei kjem over aure med slikt mageinnhald.

– Vi veit at ein del av laksefiskane et den maten dei får tak i. Dukkar det opp ei mus tek dei gjerne den, men då er det helst større fiskar. At ein såpass liten fisk tek ei mus er overraskande.

Bo lar seg ikkje skremme av det spesielle innhaldet i magesekken til fisken. Laurdag feirar han både musefunnet og sin eigen niårsdag med meir fisking.

– Det var ein veldig morosam presang å få, avsluttar bursdagsbarnet.