NRK Meny
Normal

Bloggar får erstatning frå staten

Eivind Berge blei skulda for å ha oppfordra til drap på politifolk på bloggen sin. No får han oppreisingserstatning frå staten.

Eivind Berge

LETTA: Eivind Berge er glad for dommen frå Gulating lagmannsrett.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Gulating lagmannsrett har dømt staten til å betale 37.100 kroner i oppreisningserstatning til ekstrembloggar Eivind Berge, skriv BT. I tillegg må staten betale saksomkostnader med 150.000 kroner.

Berge saksøkte staten etter at han i 2012 sat 22 døgn i varetekt.

Planla å drepe politimann

I 2012 blei Berge arrestert i Bergen, sikta for oppfordring til politidrap. Bakgrunnen var eit innlegg på 36-åringen sin blogg, som blant anna handla om at han planla å drepe ein politimann på Torgallmenningen.

I desember same år la politiet vekk saka fordi Høgsterett slo fast at ytringar på ein blogg ikkje skal reknast som offentlege ytringar.

Berge blei lauslatt i juli 2012, etter tre veker i varetekt. Han saksøkte då staten og kravde erstatning og oppreisning for ulovleg fridomstap.

I Nordhordland tingrett i januar i år tapte Berge saka, og fekk ikkje støtte i sitt krav. Han anka til lagmannsretten, der dei tre Gualting-dommarane kom til at Berge fyller vilkåra for oppreisning.

– Letta og glad

Eivind Berge sin prosessfullmektig i saka mot staten, advokat Henrik Birkeland, seier til NRK at dommen er som forventa.

– Generelt synest eg at standardsatsane for erstatning er for lav. Men det vedgår ikkje denne saka, Berge får det han har krav på, seier Birkeland.

Han fortel at Berge er letta og glad for at det no gjekk hans veg, og at han mest sannsynleg kan legge erstatningssøksmålet bak seg.

Statens advokat, Jørgen Aandal Vangsnes frå Regjeringsadvokaten, seier han mottok dommen i ettermiddag og endå ikkje har fått gått gjennom den. Han opplyser at staten no skal gå det som kjem fram i dommen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.