NRK Meny
Normal

Blir tiltalt etter vald mot politiet på russefest

Tre tenåringar er sikta for politivald etter ungdomsfest i Bergen som gjekk over styr. No går det mot tiltale for alle dei tre.

Tre ungdommer er siktet for vold mot politiet.

SPARKAR POLITIKVINNE: Her sparkar ei 17 år gamal jente ein kvinneleg politibetjenten etter ungdomsfesten i Bergen. No er etterforskinga av opptøyane i Åsane, som førte til at ti politipatruljar rykte ut, ferdigstilt. Det er uklart kven av dei tre valdssikta som no er tiltalt.

– Det er tatt ut tiltale mot ein av dei sikta. To saker er sendt til Statsadvokaten for vurdering av tiltalespørsmålet, seier politiadvokat Kjetil Tomren i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet blei møtt av utagerande ungdom som kasta flasker og stein då dei rykte ut til ein ungdomsfest på ei adresse i Åsane i slutten av april. Til saman sju personar blei arresterte på ungdomsfesten, som kom fullstendig ut av kontroll.

Beit og sparka politifolk

Fire tenåringar blei sikta for ordensforstyrringar, medan tre blei melde for vald mot offentlege tenestepersonar.

Olav Valland
Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

Ein politibetjent blei biten i fingeren og ei politikvinne blei sparka av ei 17 år gamal jente.

Alle dei sikta er mellom 17 og 19 år gamle. Først no er politiet ferdig med etterforskinga.

Dei fire som blei sikta for ordensforstyrringar, har fått bøter på mellom 6000 og 10.000 kroner. To har vedteke førelegget.

Det var Bergens Tidende som først omtalte tiltalen.

Politivaldsakene er sendt til Statsadvokaten for påtalevedtak.

– Dei fleste sakene har vore etterforska ferdig ei stund. Saka om 17-åringen har drege litt ut i tid, då me har venta på informasjon før innstillinga kunne sendast til Statsadvokaten, seier Tomren.

Risikerer fengsel

Dei tre personane som er sikta for vald mot politifolka kan venta seg bøter eller fengsel. Mest sannsynleg vil dei enda i fengsel, uttalte visepolitimeister i Vest politidistrikt, Olav Valland, til NRK dagen etter episodane.

– Det er ganske strenge lovverk som beskyttar offentlege tenestemenn. Vanlegvis er det snakk om vilkårslaus fengselsstraff. Bøter er også aktuelt, men fengsel er hovudregelen.

Ungdommer sparket politi på russefest i Bergen

STOR UTRYKKING: Opp mot ti politipatruljar rykka ut saman med ambulansar til festen i Åsane.

Foto: Bergen Foto og Media

Politiadvokat Tomren ynskjer ikkje seia kva tiltalen eller innstillinga til Statsadvokaten lyder på.

– Det vil eg ikkje kommentera. Tiltalen me har teke ut er enno ikkje forkynt. Men på generelt grunnlag kan eg seia at me ikkje har for vane å døma mindreårige til fengsel. Til sjuande og sist blir dette eit spørsmål for domstolen, seier Tomren.

Politiet stilte med 10 patruljar

Då politiet kom til staden fann dei mellom 60 og 70 ungdomar, og det politiet sjølv omtala som eit «fullstendig kaos». Stemninga blei så aggressiv at politiet valte å trekkja seg tilbake.

Kort tid etter returnerte politiet med ti patruljar.

– Stemninga var særdeles amper. Det blei kasta stein, flasker og snøballar mot politiet, sa operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Vest politidistrikt til NRK.

Det er førebels uklart når Statsadvokaten tek ut tiltale.