Hopp til innhold

Blir tatt hand om av kriseteam

Ferja var inne til service ved LOS Marine då brannen braut ut. Dei skriv i ei pressemelding at dei klokka 08.49 fekk beskjed om det brann på ferja. Ingen tilsette eller andre personar blei skadd, og dei tilsette blir no tatt hand om av eit krisehandteringsteam. Utover dette vil dei verken kommentere kor mange som var om bord då brannen braut ut, korleis brannen blei oppdaga eller kva arbeid som blei utført om bord.