Hopp til innhold

Sommarbading gir gode symjeferdigheiter

Norske barn blir flinkare til å symje som følge av det fine sommarvêret, meiner Norges livredningsselskap. Samtidig åtvarar dei om at sommarbadinga ikkje må bli ei sovepute for symjeopplæringa.

Simon (9) badar i Nordnes sjøbad

TRYGG I VATN: Simon på ni år er trygg når han badar, for han sym godt. – Ja, eg synst det sjølv i alle fall, seier han.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Kristin Årskaug

BARNA BADAR: Kristin Årskaug er trygg på at ungane klarar seg når dei badar, og ho seier sommarbadinga gjer ungane betre til å symje.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Kristin Årskaug har tatt med seg sønene på ni og sju år på Nordnes sjøbad i Bergen. Ho sit på land, medan barna badar, og dei klarar seg begge godt i vatnet.

– Det er klart dei blir tryggare i vatn til meir dei får bade, og når me har slikt vêr som me har hatt i Noreg no i år, så vil dei sjølvsagt bli tryggare, seier ho.

Ho er trygg på sønene når dei badar.

– Eg synst det er veldig kjekt å kunne gå og bade med dei når eg veit at dei klarar seg sjølv. Både med dykking, hopping og stuping, seier ho.

Bading gir trening

Gard A. Bjørnstad

GOD TRENING: Gard A. Bjørnstad i Norges livredningsselskap seier sommarbading er god symjetrening.

Foto: Norges Livredningsselskap

Med den rekordvarme sommaren i Noreg er han ikkje åleine om å bade mykje no om sommaren, og det er positivt for dei unge.

– Me får trent på det å vere i det framande elementet vatn, seier Gard Aleksander Bjørnstad som er leiar i Norges livredningsselskap.

– Jo fleire praksistimar dei får, jo større er sannsynet for at dei får ein betre lærekurve, og kan raskare føle seg trygge i vatnet, seier han.

– Kommunane må ta ansvar

Direktør Helge Eide i KS

IKKJE GODT NOK: Helge Eide som er direktør i KS seier symjeopplæringa ikkje er god nok så lenge kompetansemåla ikkje er nådd.

Foto: Tore Linnerud / NRK

Ifølge Norges livredningsselskap er symjeferdigheitene til norske barn likevel ikkje gode nok. Dei meiner symjeopplæringa er mangelfull i mange kommunar.

– Kommunane må sjølv ta ansvaret for den utfordringa dei har fått, og når pengesekken ligg der så er det snakk om å sette av pengar til instruktørnivå også, seier Bjørnstad.

– Symjeopplæringa er ikkje god nok, så lenge ikkje kompetansemåla er nådd, seier Helge Eide som er direktør for interessepolitikk i kommunenes organisasjon, KS.

Han seier at opplæring til grupper med dårlege symjeferdigheiter har blitt ein auka prioritet.

– Det mest effektive tiltaket er ikkje først og fremst å auke undervisninga generelt, men å retta det mot dei som har størst behov, seier Eide.