Hopp til innhold

Bli med på aketur i snøen

Då snøen lava ned var mange ute for å nyte det fine været. Sjå bilete og video frå snødagen her.

Mange var ute då snøen kom til Bergen andre juledag.

AKETUR: Desse kosa seg på aketur i Skansemyrsveien i Bergen andre juledag.

Snømann ved Fløibanen

SNØMANN: Nokon har laga ein snømann ved Fløibanen i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fløibanen opna først klokka 11.00 fredag, og heile 1700 personar har tatt banen opp då klokka 17.00. Fleire personar tar framleis banen opp, då Fløibanen framleis går.

– Det er nok mange folk som tar den på grunn av været, på grunn av at det er bra skiføre. Mange har nok tatt seg ein aketur også, seier driftsteknikar på Fløibanen, Thomas Olsen.

– Det er flest personar som kjem med akebrett, og det er både vaksne og barn. Det har vore ein bra dag, og mange tar nok banen fleire gongar for dagen, seier Olsen.

Snø i heile fylket

Tett med snø i Bergen

TETT MED SNØ: Ved Skansen snøa det tett andre juledag.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Det har kome snø i store delar av fylket, og snøfallet ser ut til å sette inn igjen søndag morgon og formiddag, melder yr.no.

Både for Bergen, Fitjar, Jondal, Leirvik, Odda, Rosendal, og Sveio er det meldt snø.

Saka held fram under bileta.

SJÅ BILETE FRÅ SNØDAGEN HER:

Snø på Bryggen i Bergen
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fleire ulykker

Opp mot Seljestadtunnelen

SNØ: Opp mot Seljestadtunnelen tok denne fotografen seg ein kort pause.

Foto: Tor André Johannessen

Snøen har gjort at det har vore glatte vegar i fylket, og det har også vore ein del trafikkulykker.

Både på Voss, på Stord, og i Sveio har det vore trafikkulykker. Det skal ikkje vera meldt om store personskadar.

Mykje snø i Røldal

RØLDAL: Etter tre veker med snøfall i Røldal fekk eigar av bilen anledning til å måke ut bilen.

Foto: Tor André Johannessen