Hopp til innhold

Bli med over Vidden i vintersol

Fekk du ikkje nytt det flotte vintervêret i skisporet i helga? Fortvil ikkje, her kan du oppleve ein skitur over Vidden på under eitt minutt

Bergensaren Tor Berge filma denne fantastiske turen over Bergens vakre turområde.

VIDEO: Med vêrgudane på si side vart søndag ein nydeleg dag for skigåarane på Vidden i Bergen. Foto: Tor Berge.

– Nært er fint, seier bergensaren Tor Berge.

Saman med turkamerat Fredrik Taule vurderte han å reise til Voss på søndag, men då dei oppdaga at det skulle vere fint skiføre på Vidden blei planane endra.

I videoen øvst i saka kan du sjå korleis Vidden spigle seg i sol på søndag.

Vidden i vintersol

VIDDEN: Turkameratane Tor Berge og Fredrik Taule tok ein lang tur i finvêret på søndag.

Foto: Tor Berge

– Ein går opp med utsikt til byen heile vegen, og kjem over kanten og får sjå ei kvit vidde i kontrast til den fine hamnebyen Bergen. Det er ei god oppleving, seier Berge om turen.

– Ei helg utanom det vanlege

Berge brukar så mange timar som mogleg i fjellet. I løpet av fire timar la han bak seg 22 kilometer i skisporet på søndag.

– Ein tar skiene på ryggen opp, så er det flatt og fint å gå over Vidden. Det kan verkeleg anbefalast, seier Berge.

– 22 kilometer på fire timar, det er kanskje ikkje ein familietur?

– Ein treng ikkje gå heile runden, men kan fint gå ned fleire andre stadar eller litt innover Vidden og tilbake.

Berge er svært nøgd med vêret, men trur denne helga har vore eineståande denne vinteren.

– Dette var vel første og siste helga med slikt fint vintervêr, kjenner eg Bergen rett, seier Berge med eit smil.

Vidden i vintersol

VINTERSOL: Etter fleire veker med regn og ekstremvêr var det endeleg bergensarane sin tur til å oppleve sol og fint skiføre.

Foto: Tor Berge

– Det blir mildvêr

Den erfarne skigåaren ser ut til å kjenne byen sin, for ifølge meteorolog Ingrid Bentsen ved Meteorologisk institutt er det mildvêr på veg.

– I dei lågare fjellområda i Bergen kan det bli pluss fem grader i dagane framover. Temperaturen vil stige, og det blir nedbør, seier Bentsen.

Ho ser ingen fleire fine vinterdagar i sikte for bergensarane foreløpig.

– Det er lågtrykk etter lågtrykk som vil kome, og det blir grått vêr og nedbør i alle fall i ei veke.

Skientusiasten Tor Berge oppmodar likevel alle til å legge ut på tur, dersom vêret skulle tillate det fleire gonger i løpet av vinteren.

Sjølv er Berge over gjennomsnittet interessert, og saman med ein kamerat skal han til Grønland i april.

– Det blir oss mot naturen, smiler Berge.