Bli med Frank Aarebrot og NRK til USA

Fredag førelas professor Frank Aarebrot i nesten fire timar om USA-valkamp på NRK2. No lagar han TV-serie frå sluttspurten av den amerikanske valkampen.

Professor Frank Aarebrot

I USA: Frank Aarebrot til USA skal køyre frå Chicago til New York og følgje den amerikanske valkampen.

Foto: Thomas Hellum / NRK

– Det blir ein slags «roadmovie» der vi følgjer Frank i USA før valet. Han skal gå på pub, fylle bensin og reise rundt for å snakke med folk om deira tankar før valdagen, fortel Steinar Birkeland.

Søndag reiste nemleg Aarebrot saman med NRK-journalistane Steinar Birkeland, Thomas Hellum og Jon Ståle Carlsen til USA for å følgje innspurten i den amerikanske valkampen.

Saman skal dei køyre frå Chicago til New York og rapportere heim til oss i form av innslag til NRK TV og Urix.

På sjølve valdagen 8. november dukkar Aarebrot opp direkte frå New York i ein debatt Urix skal ha i samanheng med valdagen.

Skal treffe folk i ulike miljø

Fredag forelas den populære professoren 227 minutt om 227 år med amerikanske presidentar.

Det var så populært at emneknaggen #nrkfrank var ein av dei mest brukte på Twitter den dagen.

Sjå reprise av 227 år på 227 minutt her:

Studentersamfunnet i Bergen og NRK inviterer til ny direktesendt forelesningskveld. Mens Hillary Clinton og Donald Trump kjemper siste runde i kampen om å bli verdens mektigste person, går professor Frank Aarebrot på scenen med et foredrag fra hele den amerikanske presidenthistorien. Fra George Washington i 1789 til i dag. 43 presidenter på 227 år, fortalt på 227 minutter.

#NRKFRANK: Frank Aarebrot går gjennom 227 år med valkamphistorikk i USA.

Birkeland fortel at Aarebrot gler seg stort til å reise vidare og følgje valkampen frå USA.

– Då vi kom på idéen blei han så ivrig at kaffien skvulpa over. Han er lidenskapeleg opptatt av dette, og han er god på å kome inn i ulike miljø, seier Birkeland.

Sjølv er han litt spent på om dei kjem fram til New York i tide.

– Eg har aldri køyrt bil i USA før, men eg skal prøve å vere ein god sjåfør for Frank. Han skal guide og lese kart. Men fordi han er så engasjert, må nokon andre ta ansvar for at vi kjem gjennom løypa.

Her er reiseruta

Aarebrot og gjengen har delt turen frå Chicago til USA opp i seks etappar:

1. Chicago–Stavanger, Illinois.

2. Stavanger–Ann Arbor, nær Detroit.

3. Ann Arbor–Marion, Ohio.

4. Marion, Ohio–Jonestown, Penn.

5. Jonestown–Gettysburg, Penn.

6. Gettysburg–New York.

Laster kart, vennligst vent...

Aarebrot i USA følgjer du på NRK TV og i Urix.