Hopp til innhold

Blei vekka av politiet med beskjed om å kome seg ut

VOSS (NRK.no): Maria Sjurseth og Gina Nordvik bur i same huset som politiet fann sprengstoff i natt til i går. – Ei veldig ekkel oppleving, fortel dei.

Gina Nordvik og Maria Sjurseth ble evakuert etter bombealarmen på Voss.

SJÅ VIDEO: Gina Nordvik (til høgre) og Maria Sjurseth vart vekka av politiet og bedt om å kome seg ut på grunn av bombefunn i huset. – Det var eit sjokk, fortel dei.

– Vi vart vekt av politiet og evakuert i går. Vi var fire personar heime og fekk beskjed om at det var farleg å opphalde seg i huset, seier Maria Sjurseth til NRK.

NRK treff ho og venninna Gina Nordvik på Park Hotel på Voss. Her blei bebuarar i totalt sju hus evakuert i går då det vart funne både ein granat, sprengstoff og ei heimelaga bombe fleire stader i same område.

Tre personar er arresterte og sikta etter funnet av det politiet skildrar som ei bombe som står fram som profesjonelt laga, med delar av både sivilt og militært sprengstoff.

Den einaste beskjeden vi fekk var at det var mistanke om at det var sprengstoff i huset vårt.

Maria Sjurseth (19)
Funn av bombe på Voss

BOMBEGRUPPE: Politiet si bombegruppe er i dag på plass på Voss og skal hjelpe til i arbeidet på åstaden.

Foto: Adalheidur Oldeide

– Då vi fekk beskjeden kom det som eit sjokk. Tanken på noko slikt hadde aldri slått meg, seier 19-åringen.

– Måtte berre kome oss ut

– Det var ganske ekkelt. Det var ikkje så kjekt å få vite kva status var og kva som hendte, seier Nordvik.

Dei to venninnene og dei andre som var heime har hatt eit svært spesielt siste døgn.

– Vi måtte berre pakke sakene våre og kome oss ut. Den einaste beskjeden vi fekk var at det var mistanke om at det var sprengstoff i huset vårt, seier Sjurseth.

Ho og dei andre i leilegheita reiste i går på skule og jobb, og venta på tilbakemelding frå politiet om når dei kunne reise heim.

– Det gjekk mange timar og vi høyrde ingenting, og vi bestemte oss for å reise heim og sjå om kunne hente fleire ting. Der møtte vi politiet og fekk beskjed om at vi framleis ikkje fekk lov å kome inn.

– Vi visste ikkje kor vi skulle gjere av oss, og fekk til slutt vite at vi måtte dra på hotell, seier Sjurseth.

Fekk flytte heim i dag

Voss

FANN SPRENGSTOFF: I denne garasjen fann politiet sprengstoffet. No er den spikra igjen før politiet skal gjennomføre meir etterforsking.

Foto: Adalheidur Oldeide

Totalt tre personar er arresterte etter bombefunnet, og dei skal avhøyrast i løpet av torsdagen. Forsvaret og politiet har fjerna ein del av sprengstoffet.

Politiet har etter kvart gjeve grønt lys til at ein del av dei evakuerte kan reise heim.

– Det var ei ganske ekkel oppleving, eg har aldri opplevd noko liknande før, seier Sjurseth.

Ho opplevde at politiet tok saka på stort alvor.

– Dei sende inn mange folk og evakuerte eit så stort område. Dei gjorde ein fantastisk jobb på ganske kort tid.