Hopp til innhold

Avslørte bakmenn i menneskehandel – no er det ikkje plass til henne

Kommunen nektar å ta imot kvinne som vil flytta tilbake til byen der ho blei tvangsprostituert. – Paradoksalt, meiner bistandsadvokaten.

Eks-prostituert vil til Bergen

VALDTATT: Kvinna sette seg inn i ein bil med det ho trudde var ein kunde. Ho blei bortført og valdtatt etter tur av tre menn i over eitt døgn.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Kvar dag var som å bu i helvete.

Sånn samanfattar den 32 år gamle nigerianske kvinna dei fem månadene ho selde sex på gata i Bergen sentrum.

Ein kveld i 2012, månader etter at ho kom til Noreg frå Nigeria, sette ho seg inn i ein bil med tre menn. Der fekk ho bind for augo før dei køyrde henne til ein bydel i Bergen. I eit hus blei kvinna heldt fanga og valdtatt på omgang i over eitt døgn.

Så blei ho dumpa på gata.

Eks-prostituert vil til Bergen

TVANG: Kvinna blei tvungen til å selja sex i Bergen. Då ho nekta, bortførte bakmenn i Nigeria mor hennar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bortført og valdtatt etter tur

Kvinna kontakta politiet i 2012. Ho blei umiddelbart flytta til ei hemmelege adresse i Hordaland. Der har ho sidan blitt buande.

I 2016 blei ein norsk statsborgar, opphavleg frå Nigeria, dømt til fengsel i fire og eit halvt år for grov menneskehandel.

No, snart seks år etter at ho først kom til byen, ønsker ho seg tilbake. Bakmannsapparatet og kvinnene ho budde med er borte. Dei einaste kontaktane ho har er i Bergen.

– I dag bur eg på ein liten plass der alle veit kven eg er. Kvar dag blir eg minna på det som har skjedd. I ein større by er det lettare å bli ein i mengda, seier kvinna, som NRK har valt å anonymisera.

Bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes

REAGERER: Bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes synest det er spesielt at 32-åringen «blir behandlet som en hvilken som helst utlending».

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Meiner kommunen går frå ansvaret

Men Bergen kommune avslo søknaden om sekundærbusetting. Grunnen er at kapasiteten i flyktningprogrammet er sprengd.

– Det er i Bergen ho har blitt utnytta og det er kundar frå Bergen som har kjøpt henne. Bergen kommune fråskriv seg det ansvaret dei burde ha tatt, seier kvinna sin bistandsadvokat, Kristine Aarre Hånes.

Kommunen seier at kvinna står fritt til å flytta til byen, men må då finna bustad og forsørga seg sjølv.

Kvinna, som bistandsadvokaten omtalar som «svært sårbar», har hatt jobb der ho bur, men vil vera avhengig av oppfølging.

Hånes reagerer spesielt på avslaget sidan Bergen kommune siktar høgt i kampen mot menneskehandel. For tida blir det jobba med forma ut ein ny handlingsplan på feltet.

– Det er heilt klart eit paradoks. Kommunen uttalar at dei har fokus på menneskehandel og vil overvinna det lokalt, men likevel skriv dei frå seg ansvaret totalt etter at ei sak er avdekt.

Erlend Horn, sosialbyråd (V) Bergen

NY VURDERING: Sosialbyråd Erlend Horn (V) har bede etaten sjå på saka på nytt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Byråden: – Har bede om ei ny vurdering

Det er avdelingsleiaren ved Introduksjonssenteret for flyktningar som har behandla søknaden. Etter å ha blitt presentert for problemstillinga, lovar sosialbyråd Erlend Horn (V) at saka vil bli handsama på nytt.

– Eg har bede om at denne saka får ei ny vurdering. Det er på grunn av tematikken menneskehandel.

Horn har ikkje sett seg inn i saka, men meiner det er gode grunnar til at forvaltinga skal sjå på problemstillinga på nytt.

– Bergen får slike søknader kvar dag, og dei fleste blir avslått. Me kan ikkje innvilga alle sine ønske om å flytta til Bergen, men som alltid finst det unntak, seier sosialbyråden.

Kommunaldirektøren i etaten vil no vurdera saka på nytt.