Hopp til innhold

Blei redda ned frå Trolltunga – går opp igjen

To amerikanske venninner er tilbake i Noreg for å fullføra turen til Trolltunga. For ein månad sidan måtte dei reddast ned med helikopter etter å ha gått seg vill.

Ashley Dessy og Breeann Gutierrez

ANDRE FORSØK: Ashley Dessy og Breeann Gutierrez på veg frå Bergen til Trolltunga. Dei er glade for å truleg ha vêret på si side denne gongen.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Amerikanarane Ashley Dessy og Breeann Gutierrez klarte ikkje å legga Trolltunga bak seg, sjølv etter den grufulle opplevinga i juni.

– Me innsåg omtrent ei veke etter redningsaksjonen at me begge framleis tenkte på Trolltunga, seier Dessy.

Venninnene var ein del av turfølget som gjekk seg vill i tett snødrev 20. juni. Dei er tilbake på norsk jord berre ein månad etter den dramatiske redningsaksjonen.

Fredag legg dei ut på sin andre tur i håp å endeleg nå målet. Til den nye turen lovar dei at dei stiller skikkeleg førebudd.

Vand til å gå i fjellet

Aldri før har Røde Kors redda folk så langt unna stien opp til Trolltunga. Saman med tre andre oppheldt Dessy og Gutierrez seg meir enn seks kilometer frå stien.

Amerikanarane er vand til å gå i fjellet, og blei overraska over vêrforholda.

– Det forandra seg så fort!, seier Dessy.

– Alle i gruppa vår tenkte at: "Dette kjem ikkje til å skje. Me må snu.", fortel Breeann Gutierrez.

– Me stod på fjellet, snudde oss rundt, og spurde oss sjølv: "Kva for ein veg går me no?".

Etter å ha gått rundt i fjellheimen i 14 timar høyrde dei endeleg lyden av helikopteret.

Amerikanske Ashley og turfølget gikk seg vill i tett snødrev på veg til Trolltunga. Nå takker hun redningsmannskapet for livet.

VIDEO: Ashley Dessy og turfølget hennar gjekk seg vill. Ho filma medan dei venta på å bli redda.

Største redningsaksjonen i år

Redningsoperasjonen var den største så langt i år.

Dessy og Breeann Gutierrez blir rørt over innsatsen frå de frivillige i Røde Kors Odda og Tyssedal som redda livet deira under uheldige Trolltunga-turen.

– Me visste ikkje at desse ressursane var tilgjengelege, seier Ashley Dessy.

Amerikanske turister pakken sekken

PAKKAR GODT: Ashley Dessy og Breeann Gutierrez er godt førebudd på sin andre tur til Trolltunga, og er innstilt på å gjennomføra turen denne gongen.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Me fekk hjelp av så fantastiske folk med positiv innstilling. Me hadde dårleg samvit, men me er veldig takknemlege, seier Dessy.

Denne gongen fortel venninnene at dei skal vera ekstra varsame, slik at dei ikkje går seg vill igjen.