NRK Meny
Normal

Han er blant verdas mest siterte forskarar

UiBs svar på Indiana Jones har presentert bevis for at det moderne menneske stammar frå Afrika og ikkje frå Europa. No har Christopher Henshilwood blitt kåra til ein av verdas mest siterte forskarar.

Christopher Henshilwood

STJERNEARKEOLOG PÅ UIB: Under mange lag sand og jord i Blombos cave i Sør–Afrika, har arkeologen funne spor etter menneske som levde for kring 75.000 år sidan. No har funna hans gjort han til ein av verdas mest siterte forskarar.

Foto: Privat

Sjeldan kan ein med den største sjølvfølgje samanlikne det verkelege livet med Hollywood – produksjonar. Men når det kjem til stjernearkeolog og professor Christopher Henshilwood vert slike similer likevel ikkje heilt urimelege.

– Han har skrive om historia til menneske. Det er det ikkje mange som kan seie at dei har gjort.

Jan Heiret, Instituttleiar ved UiB

Sidan 1991 har arkeologen undersøkt grotter i Sør-Afrika, der han i si tid fann bevis for at det moderne menneske stammar frå denne verdsdelen, og ikkje frå Europa som ein tidlegare trudde. Han blir kalla eit arkeologisk geni av instituttleiaren, og det er instituttet sjølv som dreg parallellen til den famøse Hollywood-arkeologen, Indiana Jones.

No er Henshilwood kåra til å vere blant dei mest siterte forskarane i verda innanfor sitt fagfelt, skriv UiB.no

– Ein blir jo litt varm på innsida av det, ler Henshilwood. Og det rettferdiggjer jo til ein viss grad det arbeidet ein har gjort. Det er ei stor ære for oss.

Det er medie- og informasjonsfirmaet Thomsen Reuters som står bak kåringa. Dei har gått gjennom dei ein prosent mest siterte publikasjonane på forskingsportalen Web of Science i perioden 2002–2012.

Her blei Christopher Henshilwood som jobbar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen utnemnd til å vere blant dei ein prosent mest siterte forskarane i verda innanfor samfunnsfag/humaniora.

– Han har omskrive historia til menneske

Jan Heiret

KAN GJE MEIR PENGAR: – For oss kjem denne kåringa på eit fantastisk tidspunkt, seier Jan Heiret, leiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

At UiB-professoren er blitt utnemnd til å vere blant dei ein prosent mest siterte forskarane i verda, kan gjere det lettare å få midlar til vidare forsking, seier leiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, Jan Heiret.

– For oss kjem denne kåringa på eit fantastisk tidspunkt. Han skriv no på ein ny stor EU-søknad, og at dette skjer akkurat no er sjølvsagt bra. Det er jo ikkje slik at ein får pengar etter tal på siteringar, men at det tel positivt i ei vurdering av søknaden er heilt klart.

For Universitetet er det oppdagingane til Henshilwood som er det viktigaste, seier Heidre.

– Han har skrive om historia til menneske. Det er det ikkje mange som kan seie at dei har gjort.

– Dette er ei meir fantastisk historie enn Indiana Jones. Før trudde ein at det moderne menneskelivet oppstod i Europa, men Henshilwood har jo bevist at dette skjedde i Sør-Afrika, og mykje tidlegare enn ein før trudde.

Instituttleiaren går så langt som å kalle Henshilwood ein genial forskar.

– Eg vil meine ein kan bruke eit ord som genialitet. Han har funne desse holene, men genialiteten går i å klare å komme opp med hypotesar og problemstillingar som er så grenseoverskridande. Han er utruleg flink til å stille store kompliserte spørsmål og gjere dei forskbare. I det ligg det heilt klart eit snev av genialitet.

Fann «livets vogge»

I artikkelen Emergence of modern human behavior: Middle Stone Age engravings from South Africa, presenterte Henshilwood dei fyrste bevisa for at det moderne menneske stammar frå Afrika, og ikkje frå Europa som ein tidlegare trudde. Det er denne artikkelen som no gjer at Henshilwood er blant dei mest siterte forskarane i verda.

– Me er alle frå Afrika. Dei menneska me har funne spor etter likna på oss slik me ser ut i dag, og dei snakka eit språk ikkje så ulikt det me snakkar i dag.

Under mange lag sand og jord i Blombos cave i Sør–Afrika, har arkeologen funne spor etter menneske som levde for kring 75.000 år sidan. Ei fullstendig intakt «verktøykasse» med ulike reiskap, smykke og spor etter målingsproduksjon er noko av det som gjer at ein no kan vere sikre på at det for mange tusen år sidan budde menneske i desse grottene som ikkje er så ulike menneske i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henshilswood

I BLOMBOS CAVE: Her er Christopher Henshilwood saman med forskingsteamet i Blombos Cave i Sør-Afrika.

Foto: Privat

– Å finne perlene var eit veldig spesielt og spennande funn for oss. Det var det som gjorde at me sikkert kan seie at det moderne menneske faktisk stammar frå Afrika. Verktøyskrinet er også noko eg hugsar spesielt godt. Det var godt gøymt. Etter at me sakte kosta vekk lag for lag fann me eit fullstendig intakt skrin. Så gammalt, 100.000 år gammalt og heilt urørt.

– Då fekk me ei verkeleg innsikt inn i livet til desse menneska. Det er som om ein går inn i huset til nokon som ikkje har budd der på 100.000 år, og alt er framleis der. Ein kan gå gjennom kjøkkenet eller spisestua deira og sjå på livet deira og kva dei gjorde. Det finst så lite informasjon att om desse menneska, og det er difor eg tykkjer dette er så viktig, seier Henshilwood.

Menneska som budde i Afrika på denne tida reiste frå Afrika kring 60.000 og 80.000 år sidan, vidare til Asia og kom etter kvart til Europa, fortel arkeologen.

– Funna har endra synet på korleis me ser på den gamle verda, på korleis me ser på forfedrane våre, seier Henshilwood som understrekar at det er ei heilt forskingsgruppe som står bak arbeidet. Eg trur også det kan vere noko av årsaka til at me har blitt så ofte sitert. Det er noko folk kan identifisere seg med.

LES OGSÅ: Blombos-hulen i Sør-Afrika - NRK - Viten

UiBs Indiana Jones

Interessa for arkeologi oppstod allereie då Henshilwood var liten. Henshilwood vaks opp i Cape Town, men hadde mange av feriane sine i området kring holene han no gjer utgravingar i.

Henshilwood

RØYSTER FRÅ FORTIDA: – Det er som om ein går inn i huset til nokon som ikkje har budd der på 100.000 år, og alt er framleis der, seier Christopher Henshilwood.

Foto: privat

– Då eg var ung pleidde eg å fiske med bestefar min der. Eg pleidde å gå rundt og var fascinert over området. Det var så mykje spor etter liv der, og det interesserte meg verkeleg.

Arkeologen har jobba på Universitetet i Bergen sidan 2002. Han har gjort artiklane han og forskingsgruppa hans har skrive tilgjengelege for alle.

No står nye grotter og nye oppdagingar for tur. I dag reiste Henshilwood til Sør-Afrika for å fortsetje arbeidet i ei grotte ikkje langt frå Blombos Cave. Her har han mellom anna funne ei barnetann frå ein unge som levde for 65.000 år sidan. Tanna ser nesten ut som ei barnetann gjer i dag. Dette er igjen, endå eit bevis for at menneskets tidlegaste historie ligg i hjartet av Sør-Afrika.

Kåringa kan bety meir pengar denne vidare forskinga, seier Henshilwood.

– Å bli sitert betyr sjølvsagt at folk les arbeidet ditt og refererer til arbeidet ditt. Difor betyr det mykje.

– Med tanke på framtidige bevillingar er dette òg ekstremt viktig. Dei som deler ut pengane ser på CV-en din på lista over publikasjonar osb. Slik sett kjem det til å utgjere ein stor skilnad.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.