Bjørke inn i presidentskapet

– Eg må seie at det var uventa at ein ny representant
skulle få eit slikt verv, seier Nils T. Bjørke. Dette blir første gong på fleire stortingsperiodar at Senterpartiet får eit medlem i presidentskapet. Bjørke blir også medlem av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite. Kjersti Toppe blir partiets parlamentariske nestleiar, og fortsetter i helse- og omsorgskomiteen.

Nils T Bjørke, Kjersti Toppe, Trygve Slagsvold Vedum
Foto: Synnøve Horvei / NRK