Tillitsvalt Idar Bruvik seier langt fleire måtte gå her i fylket enn tidlegare frykta, og at ingen fekk med seg sluttavtaler.
- Eg syns det er sårt. Det er mange kamerater og gode kollegaer. Vi tillitsvalgte slit med å være med på gjennomføre dette, sier Bruvik.
Det er ikkje meir enn eit knapt år sidan 60 tilsette i tele-installasjonsselskapet Bravida mista jobben. Nå får 45 til den same beskjeden. Selskapet som tidlegare var ein del av Telenor - tjente nesten ein milliard kroner mindre i fjor. Enderskotet blei på 180 millionar. Løysinga blir endå ein gong å kvitta seg med folk , 700 på landsbasis. For Bravida Vest betyr det 35 færre i Rogaland, 15 i Sogn og Fjordane, 10 i Møre og Romsdal - og altså 45 færre jobbar i Hordaland
Bitre på Telenor
-Dette tallet som vi no er lagt opp til. Dette er reine oppseiingar. Det betyr at det ikkje blir noko av sluttpakkar og slike ting
Telenor som oppdragsgivar investerer langt mindre enn før, dermed blir det mindre å gjera for telemontørane. I tillegg må det fine veret ta sin del av skylda for at det går dårleg for Bravida, meiner tillitsvalt Idar Bruvik.
-Mykje fint ver, lite feil. Lite lyn og torden. Slike ting pleier å hjelpe oss litt over slike kneiker.
Dei tillitsvalte har prøvd å få til sluttpakkar til dei som må gå. Det gjekk ikkje. Det blir reine oppseiingar og dei Bravida-tilsette er bitre. I Telenor fekk dei som slutta med seg halvanna årsløn.
-Når vi ser på spesielt våre kollegaer i Telenor, så er det klart at det mange som er bitre. Telenor sparkar oss ut i et eige selskap og nå står vi der uten det samme tilbodet som dei telenortilsette fekk, sier Idar Bruvik.