NRK Meny
Normal

Biskopen ut mot reklame

På midten av 2000-talet fekk dei bergenspolitikarane til å seia nei til reklamegiganten Clear Channel. Fredag starta mobiliseringa til nytt reklamerabalder i Bergen.

Biskop Halvor Nordhaug

MOT REKLAME: Biskop Halvor Nordhaug er ein av fleire som ikkje ønsker meir reklame i byrommet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Biskopen, politikarar til venstre for sentrum, kulturliv og andre organisasjonar møttest fredag for å rusta seg til omkamp på ei av dei mest spesielle politiske sakene i bergenspolitikken dei siste tiåra.

Etter at bystyret i Bergen snudde i 2005 og sa nei til den innbringande avtalen med den internasjonale reklameaktøren Clear Channel, er byen den einaste av dei 15 største kommunane i landet som ikkje har opna for offentleg reklame i byromma.

Før nyttår skal fylkestinget i Hordaland ta stilling til om Bergen skal gjera som andre større byar, og bruka reklame til å finansiera kollektivtrafikk, bysyklar og offentlege toalett.

Busskur med reklame

OMKAMP: Biskopen ber politikarane legge reklameforslag i skuffa.

Foto: NRK

Skeptisk biskop

Bjørgvin-biskop, Halvor Nordhaug, var ein av dei som møtte opp då det fredag vart tromma saman til mobiliseringsmøte for å vekka tilbake engasjementet frå førre runde.

– For meg handlar dette om kva samfunn eg ønskjer at me skal ha, seier Nordhaug, som har lite til overs for at Bergen skal gjera som dei andre norske storbyane.

– Eg er skeptisk til ei utvikling der stadig nye rom i samfunnet vårt vert prega av forbrukarpress og kommersialisering. Me må spara ungdom mot det presset dei vert utsett for når det mellom anna gjeld kravet til reklamen om ein perfekt og vellukka kropp.

Tilhengarane meiner ein kan tola litt reklame, så lenge ein får meir pengar til kollektivtrafikk og andre ønsker. Er ikkje dette fornuftig?

– Dette argumentet handlar berre om å sukra pilla. Eg vil ikkje tru at dei same politiske partia meiner ein bør setja opp reklameplakatar i klasseromma for å betra vedlikehaldssituasjonen på skulane. Eg trur det offentlege fint kan tilby offentlege tenester utan reklame, seier Nordhaug.

Møte mot reklame i byrommet

ENGASJEMENT: Mange var møtt fram for å starte ny kamp mot reklame.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tøff kamp

Etter alt å dømma får motstandarane ein enno tøffare kamp enn på midten av 1990-talet. Den gongen var det mellom anna ein snuoperasjon i Kristeleg Folkeparti som gjorde at fleirtalet for reklameavtalen sprakk.

Denne gongen har både KrF og Venstre signalisert at dei ønskjer å gå inn for ei avgrensa reklameordning.

I innstillinga til fylkesrådmannen vert tilrådd reklame på følgjande stader:

  • Bak på bussar
  • På bybanehaldeplassar og buss-stopp
  • Innandørs på Bybanen og bussane
  • På kollektivterminalar

Millioninntekter

Avtalen vil gje eit inntektspotensial på mellom 10 og 15 millionar, som etter planen skal nyttast til drift av kollektivtrafikk, bysyklar og offentlege toalett. I tillegg kjem sjølvfinansierte busskur.

I motsetnad til i 2005 går fylkespolitikarane i Høgre, Framstegspartiet, Venste og KrF inn for å spara sentrumskjernen i Bergen for reklame.

Dag Skansen som er gruppeleiar for Høgre i Bergen bystyre, som også skal ta stilling til spørsmålet, har på si side argumentert for at også sentrumskjernen i byen vil tola reklame.

Ein av kulturpersonane som fredag møtte opp for å planlegga motstanden var forfattaren Erlend Nødtvedt.

– Denne saka engasjerer meg sterkt. Eg ønskjer å kunne gå rundt i min eigen by utan å måtta ta inn over meg alle dei inntrykka som reklamen sender ut, seier Nødtvedt som håpar på at bergensarane på nytt engasjerer seg for å redusera reklametrykket i byen.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo