Hopp til innhold

Biskopar melder seg ut i homoprotest

Dei pensjonerte biskopane Per Lønning og Fredrik Grønningsæter melder seg ut av Presteforeningen etter at foreininga vil la homofile få gifte seg i kyrkja.

Per Lønning og Fredrik Grønningsæter

NEKTAR Å GODTA: Per Lønning (t.v.) og Fredrik Grønningsæter vil ikkje vedkjenne seg at Presteforeningen sitt nye syn på homofilt ekteskap. (montasje)

Foto: NRK/TNB Scanpix

Presteforeningen sitt sentralstyre gjekk tidlegare denne veka samrøystes inn for kyrkjeleg vigsel av homofile par.

– Umogleg å vere medlem i ein slik organisasjon

Den nye haldninga til kyrkja sitt fagforbund har falt dei to biskopane tungt for brystet, skriv Vårt Land.

– Det er umogleg for meg å vere medlem i ein organisasjon som roter ting til på denne måten, seier tidlegare Bjørgvin- og Borg-biskop Per Lønning til avisa.

I dag må homofile par viast borgarleg, men kan få velsigning i kyrkja dersom presten er open for det. No meiner Preseteforeningen at det er på tide å innføre liturgi slik at også homofile kan få halde sjølve vigsla i kyrkja – som eit fullverdig kyrkjeleg bryllaup.

Ut etter 62 års medlemskap

Det får også Lønning sin bispekollega, Fredrik Grønningsæter til å sjå raudt.

– Eg er veldig skuffa, og eg har ingen annan måte å reagere på enn ved å melde meg ut – etter 62 års medlemskap og fire år som formann, seier den tidlegare Sør-Hålogaland-biskopen til avisa.

Så seint som i oktober var homofilt ekteskap tema på Bispemøtet. Eit fleirtal av biskopane ønskte då å endre kyrkja sin praksis.

Fleirtalet valte likevel å ikkje køyre over mindretalet ved å krevje at alle prestar skal vie homofile, men vedtok at dei som ønskjer å vie homofile må få lov til det. Det føreset at det blir utarbeidd ein liturgi for likekjønna ekteskap.

Følgjer Bispemøtet

Leiaren i Presteforeningen, Gunnar Mindestrømmen, er derfor overraska over dei sterke reaksjonane frå dei pensjonerte biskopane. Han meiner foreininga sitt vedtak er ein naturleg konsekvens av Bispemøtet si haldning.

Gunnar Mindestrømmen

BEKLAGAR: Leiar i Presteforeningen, Gunnar Mindestrømmen er lei seg for at to profilerte biskopar melder seg ut. Han seier Presteforeningen også har fått positive reaksjonar på homo-vedtaket.

Foto: Ann-Elin Wang

– Det verker som om reaksjonane er sterkare mot oss enn mot Bispemøtets læreuttale i oktober, men det var jo Bispemøtets læremessige avklaring som endra landskapet i Den norske kyrkja, seier Mindestrømmen til Vårt Land.

Han beklagar at det kjem utmeldingar, men seier foreininga har fått både positive og negative reaksjonar.

Meiner det går på sanninga laus

Per Lønning, som også er professor i teologi og sjølv har vore leiar i Presteforeningen, seier han har vanskeleg for å fatte kyrkja si nye haldning.

– Viss nokon for eit halvt år sidan hadde fortalt meg at dette skulle skje, ville eg sagt at det kan umogleg vere sant. Om ein kallar eit forhold mellom to personar av same kjønn for ekteskap, og til og med gir det status framfor kyrkja sitt heilage alter, går det på sanninga laus, meiner den tidlegare biskopen.