Hopp til innhold

Bir snur – tar imot strandavfall utan betaling

Fleire har reagert på at renovasjonsselskapet ikkje vil ta imot strand-avfall utan å få betalt. No endrar dei praksis på permanent basis.

Skolebarn leter etter plast i skjærgården

UNGE OG ENGASJERTE: Mange har engasjert seg i å rydda strender etter at ein kval med magen full av plast måtte bli avliva på Sotra. Her er ein skuleklasse som plukkar avfall på Sotra i dag.

Foto: Elise Angell / NRK

– Det er no dugnadsånda er stor, og då er me nøydde til å la folk rydda og levera til oss, seier kommunikasjonssjef i Bir, Mette Nygård Havre.

I dag kunne NRK fortelja at fleire som har rydda strender dei siste dagane har reagert på at Bir har nekta å ta imot strand-avfall utan betaling.

Etter NRK sin omtale har renovasjonsselskapet for bergensområdet no snudd.

– Det er berre å komma til vårt bedriftskontor eller våre gjenvinningsstasjonar for å henta søppelsekkar. Desse kan bli levert til våre gjenvinningsstasjonar, heilt gratis.

Havre fortel at Bir og Bergen og Omland Friluftsråd eigentleg skulle ha ryddeaksjonar langs strendene i mai, men no vil dei ikkje venta lenger. Havre fortel at løysinga med strand-avfall blir permanent.

– Bir har ikkje sett nokon frist for gratis levering av strand-avfall. Når me først gjer dette, så håper me at folk kan levera når dei vil.

Plast og boss i sjøkanten, ved Landro på Sotra

MYKJE BOSS: Dette bildet frå Landrovågen på Sotra viser kor ille forsøplinga er på enkelte strender.

Foto: Elise Angell / NRK

Vil smi mens jernet er varmt

– Folk er engasjerte etter å ha sett bilda av kvalen med magen full av plast, så då ønsker me sjølvsagt å bidra no, seier Mette Nygård Havre.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

FARLEG PLAST: Bilda av magen til den sjuke kvalen som blei avliva på Sotra har ført til stort miljøengasjement.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Ho fortel at Bir eigentleg har venta på tilskot frå Miljødepartementet, som dei skal bruka til å rydda strendene.

– Bir kan ikkje bruka pengane frå våre hushaldskundar til å rydda herrelaust avfall, men me er såpass sikre på at desse pengane kjem i mai at me forskoterer dei no.

Havre presiserer at folk bruka dei gjennomsiktige søppelsekkane som er sett av til aksjonane.

– Om ikkje blir det kaos ved at folk kjem til oss med allslags avfall. Me må ha oversikt over at dette er avfall som er rydda frå strendene.

Strandrydding på Sund

STRAND-SØPPELSEKKEN: Strandplukking på Sund. Her ser du søppelsekken som ein kan henta hos Bir.