NRK Meny
Normal

Bilistar snudde i tunnel for å unngå kø

Éin person blei sendt med ambulanse til sjukehus etter at tre bilar kolliderte i ein tunnel. Ulukka førte til lange køar på vegane i Bergen.

Kø på Gravdal

KØ PÅ GRAVDAL: Det er lange køar etter ulukka på riksveg 555.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Politiet fekk melding klokka 15.08 om at tre bilar var involvert i ei trafikkulukke i Harafjellstunnelen på riksveg 555 i Bergen vest.

Kollisjon Loddefjord

LANGE KØAR: Vegen er stengd ved Storavatnet, og det er lange køar på staden.

Foto: 03030-tipser

– Ein av bilane er ei ambulanse som har køyrd i fjellveggen. Denne skal ikkje ha vore i drift, så det var ingen pasientar i ambulansen, seier Bjarte Rebnord i Hordaland politidistrikt.

Éin til sjukehus

Det var éin person i kvar bil som var involvert i ulukka. Føraren av den eine bilen er sendt med ambulanse til Haukeland sjukehus.

Ein annan er køyrd til legevakt, medan tredje førar er uskadd. to andre førarane får behandling av ambulansepersonell på staden, seier Rebnord.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.

Tunnelen er opna

Harafjellstunnelen, som ligg like ved Storavatnet, er no opna i begge retningar, men ulukka fører til lange køar i store delar av Bergen i ettermiddagsrushet.

– Køane står inn i Lyderhorntunnelen, men oppryddingsarbeidet er i gang, ifølgje vegtrafikksentralen.

Køane har fått bilistar til å snu inne i Kolltveittunnelen, har politiet fått meldingar om.

– Dette er farleg. Hald køen, skriv operasjonssentralen på Twitter.

Ved 16.30-tida melder politiet at køane blir mindre over Sotrabrua.

Laster Twitter-innhold


Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit