NRK Meny
Normal

Bilistar fjernar VM-sperringane for å koma seg fram

Store trafikkendringar i Bergen gjer at bilistar og trafikantar tar saka i eigne hender der dei ikkje kjem seg fram. – Dette er svært farleg, åtvarar Bergen kommune.

Rigger Bergen for sykkel-VM

SPERREGJERDE: 42 kilometer med sperregjerde skal sikra tryggleiken for både syklistar og trafikantar i Bergen. Måndag blir gjerda fjerna av utolmodige bergensarar.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Både trafikantar og bilistar flyttar sperregjerde som er sett opp i Bergen under sykkel-VM. Måndag er fleire vegar stengde heile dagen på grunn av temporitt.

– Det verkar som om at folk tenker at «no er sykkelrittet over, så då kan eg fjerne denne». Me har også sett bilistar som fjernar sperringane for å kunna køyra vidare, seier informasjonsdirektør Eva Hille i Bergen kommune.

Det individuelle temporittet for junior kvinner gjekk føre seg frå klokka 10. Før menn junior startar klokka 13.05, er det likevel syklistar som trenar i dei avstengde løypene.

Hille er sjokkert over at innbyggarane ikkje tenker på konsekvensane.

– Det er veldig farleg. Det kan brått koma syklistar eller følgebilar i veldig høg fart. Viss det då kjem gåande der sperregjerde er flytta, kan det få konsekvensar. Eg trur mange ikkje er heilt klar over kort fort syklistane kan koma.

Rigging før sykkel-VM i Bergen

TRYGGLEIK: Her blir sperregjerde sett opp i Løbergsveien i Bergen.

Foto: NRK

Trolleybuss i trøbbel

Bussjåfør Abbas på 2-linja var to minutt for sein då han køyrde frå Landåstorget måndag morgon. Dermed rakk han ikkje å koma seg forbi trafikksperringane, som trådde i kraft på fleire vegar klokka 08.30.

Men trolleybussen er avhengig av køyrestraum og har avgrensa bevegelsesmoglegheiter.

Vaktene på Landås slepte han forbi, men då bussjåføren møtte ein politipatrulje som ikkje er kjent med trolleybussane i Bergen, var det bom stopp ved Haukeland sjukehus.

Trolleybuss for sein til sperringa

AVHENGIG AV STRAUM: Trolleybussane i Bergen køyrer på straum og er avhengig av å vera knytt til straumlinjene langs løypa. Det var ikkje politipatruljen stasjonert i Bergen klar over.

Foto: Cato Heldal Kirstensen / NRk

– Politifolka meinte eg måtte snu og køyra tilbake, men det er ikkje lett med denne bussen. Det gjekk bra då eg ringde trafikkontoret som fekk forklart politiet at eg måtte få passera.

Resultatet var at bussjåføren og passasjerane om bord alle var med å flytta vegsperringane for at bussen skulle koma seg forbi.

– Det gjekk bra første dagen, men denne ruta må nok køyra litt tidlegare resten av veka, seier Abbas.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.