Hopp til innhold

Bilistane kan få rekninga etter massekrasjen

Bilistane som var involverte i massekollisjonen i Eidsvåg i Bergen i går, risikerer både bonustap og å betala eigendel.

Kjedekollisjon på E39 i Bergen

SVÆRT GLATT: Det var fult kaos i morgontimane etter kjedekollisjonen på E39 utanfor Bergen måndag morgon.

Foto: Lasse Sleire

Det er dagen etter for bilistane som i går segla inn i kvarandre på glatta på E39 i Eidsvåg i Bergen.

60 biler var involvert i massekollisjonen midt i morgonrushet. Vegen blei stengt i fleire timar og trafikken stod bom stille over heile Bergen.

I dag strøymer skademeldingane inn til forsikringsselskapa.

– Det er kompliserte saker når såpass mange er borti kvarandre og er uheldige, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

– Skal køyra etter forholda

Han fortel at vanlege reglar gjeld også i ei ulukke som denne, og forklarer korleis ansvaret blir fordelt.

– Bil nummer ein klarar til dømes å stoppa fint utan å få skade. Men så kjem bil nummer to og krasjar inn i bil nummer ein, og bil nummer tre som krasjar inn i bil nummer to. Då er det naturleg at ansvaret blir fordelt på dei to siste bilane.

Arne Voll, Gjensidige forsikring

KAN BLI DYRT: Informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, seier nokon bilistar må rekna med å betala eigendel og å få bonustap.

Foto: Gjensidige forsikring

Men det var glatt på vegen. Kan bilistane eigentleg lastast for dette?

– I går var det ekstraordinært, men ein skal køyra etter forholda. I går var det mange som var uheldige, det er det ingen tvil om.

– Kan det henda at de kjem til å sjå vekk ifrå normal praksis i dette tilfelle?

– Normalt sett er det reglar for det meste også under spesielle tilfelle. Difor er det viktig at ein tek sak for sak, og gjer ei grundig vurdering for å finna ut kva som har skjedd.

– Ikkje rettferdig

Giske Eggen i NAF meiner det er brutalt at ansvaret skal leggast over på bilistane.

– Forholda var såpass ekstreme denne morninga at det var vanskeleg å vera aktsam nok. Ein skal alltid køyra etter forholda, men når forholda skifta så fort som dei gjorde i går, då kan ein ikkje berre skulda på bilistane, seier ho.

Kven som får sluttrekninga er uklart. Fleire forsikringsselskap NRK har snakka med vurderer å senda rekninga vidare.

Stor kjedekollisjon på E39 i Eidsvåg.

Slik såg det ut på skadestaden etter massekollisjonen.

– Viss det visar seg at har vore strødd for lite og for dårleg, kan det vera moglegheiter for at me sender rekninga vidare til Statens vegvesen, seier Arne Voll.

– Sjåføren sitt ansvar

Gunnar Kråkenes ved vegavdelinga i Statens vegvesen understrekar at han ikkje kan uttala seg på juridisk grunnlag, men at han ikkje har erfaring med at dei har tatt rekninga for slike ulukker tidlegare.

– Normalt sett så har sjåføren alt ansvar når han finn seg på ein veg. Vegvesenet gjer ingen garanti opp mot ver og føre, seier Kråkenes.