NRK Meny
Normal

Blei huslause etter bilbrann

Bebuarar i åtte rekkehus måtte ut då ein bilbrann spreidde seg til bustadene deira i Arna i natt. – Det er slikt du aldri trur skjer med deg sjølv, seier huseigar.

Bilbrann

HUSLAUSE ETTER BILBRANN: Etter at bilen som stod utanfor huset byrja å brenne, så vart det etter brannen ikkje mogeleg å bu i to av rekkehusa.

Foto: Tipsar

– Eg skjønte nesten ikkje at det skjedde. Det gjekk eit par sekund før eg skjønte at det brann utanfor kjøkkenet, og eg vart heilt sjokkert, seier Tore Sivertsen.

Han er eigar av bilen det byrja å brenne i. Brannen spreidde seg raskt, og bebuarar frå åtte rekkehus mått evakuere.

Huset til Sivertsen er eit av to hus som no er så skadde at det ikkje er mogeleg bu der lenger.

– Det er slikt du aldri trur skjer med deg sjølv, seier han.

Ingen personar vart skadd i brannen.

  • Sjå video frå brannen her:
    Bil som brenner

    BILBRANN: Brannen byrja i bilen og spreidde seg raskt. To hus er ikkje mogeleg å bu i etter brannen.

– Sekunda går fort

Brann Fagerhaug Indre Arna rekkehus

BILBRANN SPREIDDE SEG: Brannen som starta i ein bil spreidde seg raskt, og to hus er ikkje mogeleg å bu i etter brannen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Meldinga om bilbrannen i Fagerhaug i Indre Arna i Bergen kom klokka 01.40 natt. Ein personbil hadde tatt fyr utanfor ein av bustadane, og spreidde seg så over i rekkehuset.

Det første Sivertsen gjorde då han oppdaga brannen, var å ta sonen ut av senga og ut av huset.

– Me gjekk rundt rekkehuset for å sjå kor gale det var, og så stod me der og venta på brannmennene. Det skjedde veldig fort, det spreidde seg fort opp i taket og vidare bortover, seier Tore Sivertsen.

– Du håpar sjølvsagt at det skal sløkkast fort, men sekunda er lange når du står og ser på det, seier han.

To hus har fått så stor skade at det ikkje er mogeleg å bu i dei lenger.

Evakuerte naboar

Katrine Vedå bur like ved leilegheita det byrja å brenne ved. Ho var vaken då brannen starta.

– Eg hadde vindauget på vidt gap, og eg høyrde eit smell. Eg skvatt til, og sprang bort til vindauget, seier ho.

– Då såg eg at det kom flammar frå høgre side på bilen, så då tok eg fram telefonen og slo nummeret til brannvesenet, men då høyrde eg at naboen snakka med dei allereie, seier ho.

Då valte ho å gå ut, og ho hjelpte naboen med å evakuere dei andre som budde rundt.

– Eg var litt sjokka, og lurte litt på kva som hadde skjedd. Det var jo litt rart at bilen skulle eksplodere slik, seier Vedå.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.