Bilbrann i Bømlafjordtunnelen

Politiet melder om brann i eit vogntog Bømlafjordtunnelen. Tilhengaren på eit vogntog skal ha tatt fyr omlag 250 meter ned frå Sveio-sida. Sjåføren har greidd å komma seg ut av bilen. Det vert meldt om mykje røyk oppover i tunnelløpet.