Bil velta i Ytre Arna

Ein liten personbil velta på Alf Bondesveg då den skulle køyra til sides for å gi plass til ein imøtekommande bil. Det opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt. Kvinna i 50-åra var den einaste i bilen. Ho kom seg ut av bilen og blei sett til av helsepersonell. Både ho og bilen hennar kom frå det utan skade. Bilbergar er på veg til staden.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon