NRK Meny

Bil velta i Hardangervegen

  • DIRIGERER FORBI:

    Politiet dirigerer trafikken forbi i eitt felt der ein bil hamna på taket tidlegare i dag. Køen har på det meste vore fleire kilometer lang og har vekselvis bevega seg sakte. Ein mann er sendt til legevakta for kontroll etter velten.

    Politiet dirigerer trafikken i Arna
    Foto: 03030-tipser
  • LANGE KØAR I ARNA:

    Det er lange køar på fylkesveg 580 Hardangervegen i Arna, ifølge fleire NRK-tipsarar. Klokka 06.30 hamna ein bil på taket i vegbana, og det måtte bilbergar til for å få den vekk. Politiet seier vegen no har opna for fri ferdsel. Sjåføren av bilen er sendt til legevakt for ein sjekk.

    Køer i Arna
    Foto: 03030-tipsar
  • MANUELL DIRIGERING:

    Det er trafikale problem på fv. 580 Hardangervegen mellom Nesttun og Arna etter trafikkuhellet, men det har gått bra med føraren av bilen. Trafikken blir no dirigert ved Espelandhallen, fortel politiet.

  • BIL PÅ TAKET:

    Naudetatane rykkjer ut til ei trafikkulukke på Espeland i Arna. Ein bil skal ligga på taket ved Espelandshallen på fylkesveg 580. Det er ein person i bilen og vedkommande er tilsynelatande uskadd, melder politiet.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.