Hopp til innhold

Bil tok fyr og låve brann ned

Ingen dyr i låven då det braut ut brann i Lindås i natt.

Brann i låve ved Romarheim i Lindås

TOTALSKADD: Låven er totalskadd etter brannen som starta i den parkerte bilen. Også traktoren som er parkert til høgre i biletet har fått store skader i brannen.

Foto: Marius Vågenes Villanger / 03030-tipser

Klokka 02.13 fekk politi og brannvesen melding om at det hadde brote ut brann i ein låve ved Romarheim i Lindås i Nordhordland.

Brannen starta først i ein stor bil som stod parkert i låven. Deretter spreidde den seg til resten av låven.

Mannskap frå Lindås, Modalen og Masfjorden rykka ut for å sløkkje brannen. Klokka 03.13 var brannen sløkt, men mannskapa melder om at låven er totalskadd i brannen.

– Vi har oppretta sak og vil etterforske for å finne ut årsaka til at bilen tok fyr, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sæthre i politiet.

Fare for spreiing

Det var ingen dyr i låven. Heller ingen personar vart skadd i brannen.

I ein periode var det fare for at brannen skulle spreie seg til eit bustadhus i nærleiken. I tillegg var det ifølgje NRK-tipsar også fare for eksplosjon. Dette fordi ein båt med ein dieseltank på 200 liter stod parkert ved låveveggen.

Brannvesenet har i heile natt drive med ettersløkking på staden for å hindre at brannen skulle blusse opp att.