Hopp til innhold

Marit og Arne frykta dei skulle døy då dei blei fanga mellom to jordras i Jordalen

– Det var fullstendig ragnarok. Jord, stein og mudder kom frå alle kantar, fortel Marit Krokeide og Arne Bergfjord.

Marit Krokeide og Arne Bergfjord sat fast mellom rasa

SLAPP MED SKREKKEN: Marit Krokeide og mannen Arne Bergfjord blei ikkje skada då dei havna midt opp i jordrasa i Jordalen. Her er dei fotografert kort etter at dei blei flydd ut av rasområdet.

Foto: Arne Veum

Dei hadde akkurat kome ned frå ein fantastisk fjelltur i sommarsol då veret plutseleg slo om med veldig kraft i Jordalen i Voss kommmune, like ved grensa til Aurland kommune og Sogn og Fjordane.

Klokka var då rundt sju måndag kveld.

– Akkurat då vi gjekk inn i bilen, starta regnet. På dei tre kilometrane tilbake blei det heilt ragnarok. Eg har aldri sett så mykje regn i heile mitt liv. Det var som om det kom ei søyle med vatn over oss, fortel Marit Krokeide frå Bergen.

Oversiktsbilde ras i Jordalen

STORT OMRÅDE: Alle dei tre rasa skal ha skuldast elvar som gjekk over breddene sine. Geolog kjem til rasstaden tysdag morgon.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

«No går det eit ras»

Paret har leigd ein støl i Jordalen kvar sommar i 30 år, men då dei kom fram, våga dei ikkje gå ut av bilen, langt mindre prøva å kryssa dei små elvane på veg til stølen.

– Elvane fossa over alle bredder, så vi blei sittande i bilen og tenke på kva vi skulle gjere. Men det roa seg ikkje, elvane ble berre større og brunare, fortel ho.

Plutseleg begynte det å riste i bakken under dei. «No går det eit ras», sa Marit. Mannen hennar, Arne Bergfjord, sa dei måtte rygge. Men like etter rasa det meir, denne gongen bak dei.

– Jord, stein og mudder kom frå alle kantar, langt oppover bilen. Vi hadde parkert bak ein støl. Eg huskar eg tenkte at om stølen ryk, så veit eg ikkje korleis dette går, seier ho.

Totalt 16 personer evakuert etter ras i Jordalen i Voss kommune.

SJÅ RASET FRÅ LUFTA: Totalt har det gått tre ras i Jordalen. Ingen skal vere sakna.

Måtte klatre ut gjennom takluka

Paret kontakta AMK-sentralen i Bergen klokka 19.10 og oppga posisjonen sin.

– Det var heilt forferdeleg. Det rasa og rann alle veger kring oss. Vi frykta for liva våre, seier Marit.

Bil fanget av jordras i Jordalen

HER STÅR BILEN: Parets bil stod i le av ein støl då rasa gjekk.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Redningen kom i form av bonden på garden like i nærleiken. Han hadde sett paret sin bil og forstod at dei var i fare.

– Han rygga bort med traktoren så langt han våga, så gjekk han over raset og kom for å henta oss, fortel dei.

Marit klatra ut gjennom takluka i bilen, medan mannen hennar kom seg ut gjennom døra.

– Etterpå fekk bonden oss inn i traktoren og køyrde oss i sikkerheit. Det var ei bragd. Vi er utruleg takksame, seier paret.

Ras i Jordalen

FLEIRE RAS: Slik ser det ut i Jordalen måndag kveld. Det har gått jordras fleire stader i dalen.

Foto: Tipsbilde

– Klatra ut gjennom soltaket

Nødetatane rykka ut frå Voss og Aurland då meldinga kom inn til AMK-sentralen klokka 19.10. Klokka 20 melde politiet på om raset på Twitter.

– Vi vart ringt opp av dei to involverte om at dei var fanga mellom to ras og kom seg ikkje ut av bilen. Dei ville forsøke å kome seg ut av bilen gjennom soltaket, og klarte å evakuere seg sjølve, fortalde operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt.

Naudetatar til stades etter ras i Jordalen

RAS: Det er meldt om fleire ras i Jordalen måndag kveld. Nødetatane i både Voss og Aurland rykka ut.

Foto: Arne Veum
Laster Twitter-innhold

Henta ut folk frå hytte og seter

Også eit redningshelikopter frå Florø rykka ut og gjekk i gong med å evakuere folk frå rasområdet. Fleire av dei evakuerte var frå tre andre bilar som måtte vart ståande fast på vegen på grunn av det ytste raset.

– Vi flaug ut folk frå to forskjellige stader og ut i sikker sone. Det er snakk om åtte personar frå ei hytte og seks frå ei seter. I tillegg er det nokon som har vald å bli att der dei er, sa redningsleiar Bjørn Magnussen ved Hovedredningssentralen på Sola til NRK tidlegare i kveld.

Med Marit og Arne blei totalt 16 menneske evakuert.

Alle blei flydd til ein gard ytst i Jordalen, kor dei fekk oppfølgning av nødetatane.

Ras i Jordalen

VASKA VEKK VEGEN: Det ytterste raset skal ha vaska vekk om lag to meter av vegbana.

Foto: Tipsbilde
Laster Twitter-innhold

To småborn blant dei evakuerte

Ein av dei andre evakuerte, er Anders Townsend. Han var med i ein av bilane som blei stoppa av raset.

– Vi hadde vore på fisketur lenger ute i dalen, og på veg heim møtte vi to bilar som rygga tilbake på grunn av raset. Minst to meter av vegen var vaska vekk. Det har òg rast lenger inne i dalen, fortel Townsend.

Brødrene Anders og Steven Thownsend

EVAKUERT: Brødrene Anders og Steven Thownsend vart henta ut med helikopter etter at dei vart sperra inne av ras.

Foto: Arne Veum

Alle personane i bilane kom seg bort frå rasstaden og fekk tilhald på ein seter i nærleiken, kor dei blei henta av redningshelikopteret. Det skal ha vore to småborn blant dei.

– Heldigvis gjekk det bra med alle saman, i alle fall dei vi veit om, seier han.

Tør ikkje sende folk inn i området

Helikoptermannskapet jobba vidare med å få full oversikt over området og om fleire kunne vere ramma av jordrasa.

Totalt har det gått tre jordras. Ingen personar er sakna.

Politiet ventar med å sende mannskap inn i sjølve rasområdet før dei veit om det er trygt. Geolog kjem til staden tysdag morgon.

trafikkulukke