Hopp til innhold

Bil hamna på taket i elv – person redda ut

Ein mann i 70-åra sendt til sjukehus etter trafikkulukke i Hardanger.

Bil hamna på taket i elv i Ullensvang

VART REDDA UT: Ein person vart redda ut av denne bilen i Ullensvang tysdag ettermiddag. Politiet gjer undersøkingar på staden.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det var på ein sideveg ved riksveg 13 i Ullensvang at ein bil hamna på taket i ei elv. Inne i bilen sat ein person.

– Det er ikkje fare for at det kjem vatn inn i bilen, men bilen må sikrast før vi kan ta ut personen, opplyste politiet på Twitter.

Til sjukehus

Klokka 15.40 opplyser 110-sentralen i Hordaland at dei har fått personen ut av bilen.

– Han er medviten og har komme seg på beina. Vi har kontroll på staden, fortel vaktkommandør Helge Lund.

Mannen, som er i 70-åra, er køyrt til sjukehuset i Odda med ambulanse. Politiet på staden fortel at det etter forholda skal stå bra til med vedkommande.

– Det er førebels uklart kva som har skjedd, men det har vore fleire vitne til hendinga. Det skal ha gjort forsøk på å starte bilen i ein bratt bakke, men så har den byrja å trille og enda i elva, opplyser politibetjent Geir Telle.