Bil på taket i Kvam
Ein bil skal ha hamna på taket på fv7 like ved Jonshøgdi Fjellstove på Kvamskogen. Bilen skal ha treft ein annan parkert bil. Føraren har kome seg ut av bilen, og skal vere uskadd. Det skal ikkje vere fleire personar i bilen, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde. Naudetatane er på veg til staden. Det er meldt om kø i området.