NRK Meny
Normal

Bil hamna på taket på Fanafjellet

Éin mann får medisinsk behandling etter ei trafikkulukke i Fanafjellsvegen. Det er meldt om lange køar.

IMG_1376.jpg

MATERIELLE SKADAR: Bilen fekk store skader i uhellet, medan føraren kom frå det med lettare skader.

Foto: 03030-tipsar

Politiet vart varsla om ulukka av AMK like etter klokka 16.00.

– Ein bil har hamna på taket og ligg utanfor vegen, fortel operasjonsleiar i politiet, Ronny Lentføhr.

Ulukka skal ha skjedd like før toppen på Fanafjellet.

Klokka 16.15 var politiet framme på staden.

Lettare skadd

Føraren kom seg ut av bilen ved eiga hjelp.

– Det kan verke som at føraren av bilen er lettare skadd. Han vert teken hand om av ambulansepersonell på staden.

Ifølgje tipsarar gjekk trafikken greitt forbi i starten, men fleire melder no frå om at det står fleire hundre bilar i kø over Fanafjellet.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.