Hopp til innhold

Bil med campingvogn teken av ras

Sand, leire og svære steinblokker sperrer no vegen ved Stavanes.

Ras ved Stavanes

LEIRERAS: Ein bil med campingvogn hamna midt i raset ved Stavanes.

Foto: Vegvesenet

Vegtrafikksentralen fekk klokka 03.40 melding om at det hadde gått eit ras på fylkesveg 103 ved Stavanes mellom Eidfjord og Kjeåsen.

Raset trefte ein bil og ei campingvogn tilhøyrande nokre svenske turistar.

– Køyretøya vart ståande fast, men personane som var til stades skal ikkje ha fått store skader, fortel trafikkoperatør i Statens vegvesen, Marius Råve.

Raset har gått i nærleiken av eit elveleie i fjellsida.

– Det er snakk om eit 20 meter breitt ras, med mykje leire og sand. I tillegg har det kome nokre svære steinblokker, fortel Råve.

Fleire ras i Hordaland

Raset går inn i rekka som eitt av fleire i Hordaland den siste tida.

Seinast tysdag denne veka vart bilen til Bjørn Roland frå Notodden treft av ei svær steinblokk på E16 ved Dale i Vaksdal.

– Eg rakk ikkje reagere. Plutseleg ramla det ein stor stein ned. Det er heilt utruleg at bilen framleis er køyrbar, sa han til NRK etter hendinga.

Sjå video frå Bjørn sitt dashbordkamera her:

stein treffer vei, bil treffes av stein

VIDEO: Steinblokka losna frå fjellsida og trefte bilen til Bjørn Roland.

Simadalen innestengd

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, bekreftar at dei fekk melding om hendinga like etter klokka 03:30 i natt.

– Ettersom det ikkje var skade på verken køyretøy eller personar har ikkje politiet vore på staden, fortel han.

Ifølgje Bergens Tidende skal tre personar ha sove i campingvogna då ho vart treft av raset.

– Vegen er heilt sperra, og det er ikkje mogleg med omkøyring, fortel Råve hjå Vegtrafikksentralen.

Det betyr at folk som oppheldt seg i Simadalen er innestengde inntil vidare.

Veit ikkje når vegen vil opne att

Vegtrafikksentralen ynskjer førebels ikkje å seie om det kan vere det kraftige regnvêret i natt som har utløyst raset før geolog har vore på staden.

Det er bestilt entreprenør frå Mesta som skal vurdere rasstaden i løpet av føremiddagen.

– Det er vanskeleg å sei noko om kva tid vegen vil opne att før Mesta har vore på staden, seier trafikkoperatør Råve.

Bilen og campingvogna vart fjerna av bilbergar i morgontimane.