Bil ligg på sida

Trafikkuhellet i Lindås kommune var ei singelulykke. Éin bil ligg på sida i vegbanen, opplyser Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland. Dei to personane skal ha kome ut av bilen og er tilsynelatande uskadd. Trafikken går treigt, men det er mogleg å komma forbi i eitt felt.