Hopp til innhold

Bil køyrde utfor vegen

Ein bil har køyrt utfor vegen i ei 60-sone på Fv. 48 i Eikelandsosen i Fusa kommune. Det skal ha vore fem personar i bilen, som alle er komne ut. – Alle er tilsynelatande oppegåande, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt. Ho fortel at politi og brannvesen nett er komne fram på staden.