Hopp til innhold

20-åring sat fastklemt etter ulukke

Mannen er no sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Trafikkulukke i Straumeveien Bønes

FRÅTEKEN FØRARKORT: Politiet er usikre på om føraren av bilen som køyrde i fjellveggen på Bønes i natt var rusa. Dei har førebels kverrsett førarkortet hans.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Etter midnatt i natt køyrde ein bil i fjellveggen i Straumeveien på Bønes.

Naudetatane rykka ut og fann føraren, ein 20 år gamal mann, fastklemt i vraket. Føraren skal ha vore medviten.

Mannen blei sendt til Haukeland universitetssjukehus, og skal ifølgje politiet ikkje vere alvorleg skadd. Helse Bergen stadfestar også at han er lettare skadd.

Vegen var stengt i vel ein time, før ulukkesbilen blei taua vekk frå staden.

Politiet har førebels teke førarkortet frå 20-åringen. Dei har førebels ikkje trekt nokon konklusjon på om mannen var rusa eller ikkje, men vil gå i gang med dette arbeidet i i dag.

Trafikkulukke Straumeveien

LETTARE SKADD: Føraren av bilen var fastklemt i bilen etter ulukka. Han blei i natt sendt til Haukeland universitetssjukehus, som i ei pressemelding skriv at han er lettare skadd.

Foto: Anders Ekanger / NRK