NRK Meny
Normal

Kollisjon mellom Bybanen og personbil

Naudetatane rykka ut til Paradis i Bergen. Ingen personar kom til skade i kollisjonen.

Bybanen og personbil kolliderte på Paradis i Bergen

MATERIELLE SKADER: Ingen personar vart skadd men bilen har fått seg ein trøkk i møtet med Bybanen.

Foto: Bergen brannvesen på Instagram

Meldinga kom inn til naudetatane klokka 19.15 søndag kveld. Først gjekk den ut på at ein person var påkøyrd av Bybanen. Då brannvesenet kom fram oppdaga ein at det dreidde seg om ein kollisjon mellom personbil og Bybanen.

– Første tilbakemelding er at det er berre materielle skader og ingen personskadar, fortel operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i politiet.

Kollisjonen skal ha skjedd rett ved treningssenteret Aktiv 365, tidlegare Tennis Paradis.

– Det verkar udramatisk. Bybanen står på skjenene, opplyser vaktoperatøren ved 110-sentralen Hordaland.

Kollisjonen har skjedd i retning sør. Trafikkansvarleg ved Keolis, som driftar bybanen, opplyser at det er stans på Bybanen mellom Paradis og Nesttun.

- Vognene snur mellom Lagunen og Nesttun, og mellom Paradis og sentrum. Det vil vere slik i ein halvtimes tid framover, fortel Jørn Åstvedt ved Keolis.

Mista førarkortet

Klokka 20.15 går bybanen som normalt igjen forbi Paradis.

Politiet har tatt beslag i førarkortet til sjåføren av bilen. Det er oppretta sak på forholdet.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.