NRK Meny
Normal

Familie redda seg ut av brennande bil på E16

To personar og to barn kom seg ut då bilen deira byrja å brenne i Stalheimtunnelen på E16. Vegen har opna for manuell dirigering.

Laster kart, vennligst vent...

Det var politiet som melde om bilbrannen sundag kveld. Dei første meldingane gjekk på at bilen skal ha byrja å brenne inne i tunnelen, men etter kort tid vart det klart at bilen stod på utsida av tunnelen.

Brannvesenet var raskt på staden og starta sløkking.

– Bilen har brunne heilt opp og vegen blir sperra inntil vi får fjerna den, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

To personar og to barn i bilen

Han fortel at bilen står på Voss-sida av Stalheimtunnelen. Alle i bilen kom seg tidleg ut.

– Før det tok heilt fyr kom alle seg ut av bilen. Det er to vaksne og to barn. Dei prøvde sjølv å sløkke brannen først, fortel Magnussen og seier alle personane er fysisk uskadd.

E16 var stengt men har klokka 19.30 opna for manuell dirigering. Stalheimtunnelen er ein bratt og svingete tunnel på europavegen mellom Voss og Gudvangen.

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy